Dan fyrste songen (1877)

(Dikt, 1877)

Av S. [Per Sivle]

Dan fyrste songen, eg høyra fekk,
var mor sin song atmed vogga;
dei mjuke vék til mit hjarta gjekk,
dei kunde gråten min stogga;
dei sullad meg so undarleg,
so stilt og mjukt til å sova,
dei synte meg ein fager veg
upp frå vår vesla stova.

Dan vegen ser eg no endå tidt,
når eg fær augat mitt kvila,
dar stend ein engel og smilar blidt,
som berre ei kan smila,
og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt, som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song, som alting heilar.


Frå Fedraheimen. Eit Vikeblad aat det norske folket. No. 8. Laurdag den 24. November. 1877. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad