Henrik Wergeland

(Biografi, 1893)

Henrik Wergeland

Av Steinar Schjøtt

Den nye ætti, som voks upp etter 1814, tok til aa skyna, at det var ikkje nok fyr nordmennerne aa vera politisk frie og sjølvstyrande, og at det vantad mykje paa, at dei var eit heilvakset folk slik som dei fleste andre folk i Europa, og at no laut dei vera nordmenner i aand og sanning. Umkring aaret 1830 tok det til ein heit strid um dette, og difyr kallar dei tidi fraa 1830 og frametter fyr »Norskhedsperioden.« I fyreenden fyr dette nasjonale arbeidet gjekk Henrik Wergeland, største diktaren, Norig hev havt.

I gamle dagar, i Norigs stortid, hadde nordmennerne havt mykje samferdsel med England, Skotland, Irland og Frankrike; yver Nordsjøen var ikkje vegen so lang dit, og derfraa kom den europæiske kulturen til Norig og gav rikare vokster aat dei nasjonale norske kultur-emne. Daa Norig sidan kom i vanmagt, og skipsferdi tok av, vart vegen lang til Vesteuropa og lite samkvæm. Tyskararne fekk handelen med Norig og vart mynsterlandet fyr alle tri nordlandi. Danmark laag næmast Tyskland; difyr kom den tyske kulturstraumen fyrst dit, so til Sverige, og so fyrst kom han til Norig. Nordmennerne, som fyrr hadde fenget gusti fraa livet uti Europa paa fyrste hand, vart no liksom med eit slag flutte ut til ein utkant av Europa. So voks folket alle dei høgre samfundslag av seg, og dansktyske kom att i staden og breidde seg som eit skal ut yver det gamle bondesamfundet; og framande repræsenterad Norig fyr utlandet. Men daa landet sidan tok til aa gaa fram att, vart dei høgre samfundslag meir og meir uppblandad med norskt to; skipsferdi aukad paa, og landet fekk samkvæm med Vesteuropa att. I dei norske byarne vart England mynsterlandet, allvisst fyr sjøfolk og handelsmenner, og ved dette fekk dei eit sermerke ut ifraa danskarne, som vart svært fortyskad. Ludvig Holberg, den norske bokskrivaren, som grunnlagde »fællesliteraturen«, tok sine mynster fraa England og Frankrike og reiste ein dam mot tyskdomen.

I det 18de aarhundrad kom det upp eit heilt nytt livssyn i Vesteuropa. Dei tok til aa tru, at alt hekk ihop i ei samfeld utvikling, fraa den fyrste dya, som fekk liv, uppetter til gras og blomar, dyr og radt upp til menneskja (evolusjons-læra). Menneskja utviklad seg allstødt og vart betre og betre (læra um framstiget). Alle menneskje var fødde frie og like (menneskje-rettarne), og alle hadde rett til her paa jordi aa naa den største lukka, som dei etter sin givnad og lagnad kunde faa (humanitets-grunnsetningar). Daa den store revolusjonen braut ut i 1789, tok dei til vaapen mot tyrannarne; alle, som var forpinte i alle land, skulde vera brødrar og reisa seg mot alle stormennerne; der skulde vera brorskap yver all jordi (kosmopolitisme).

Desse tankarne var det mange i Norig, som likad. Men der var tilstandet i mange maatar annarleis en i hine land, og difyr tedde hine tankarne seg paa ein annan maate. I Norig fanst det korkje feudalherrar elder liveigne bønder; folket var fritt, som daa Haarfagre-ætti styrde landet; der var ikkje tyrannar aa reisa seg imot. Men landet var som eit lydrike under Danmark, sosialt fritt, men politisk ufritt, og Norig var mest som eit »geografiskt begreb«; det var ein fødesheim og ikkje eit fedraland. Daa revolusjonstankarne kom til Norig, vart dei ikkje kosmopotitiske, men nasjonale; arbeidet der gjekk ut paa nasjonalt sjølvstende. I Tyskland, Danmark og andre land var det romantikken, som fyrst kveikte eldhugen fyr det nasjonale; men i Norig var det »det attande aarhundrads tankar«.

Daa bakstrævet vann paa revolusjonen, umkring aarhundrad-skiftet, tok romantikken til aa bløma. »Medan herarne hans Napoleon gjekk paa si sigerferd fraa Frankrike inn i Tyskland, gjekk romantikken fraa Tyskland den motsette vegen.« So raadde den til nokre aar fyre 1830. Til Norig naadde han mest ikkje, aa kalla, fyrr i den tidi. Det gode, som fylgde med den romantiske tenkjemaaten, hadde nordmennerne vunnet fram til lenge fyrr, og millom 1814 og 1830, daa romantikken blømde som best i Danmark, laag den norske diktingi reint nede.

Men i 20-aari vart det eit merkelegt umskifte i Europa. Dei tok uppatt tankarne fraa det attande aarhundrad, um ikkje nett paa same maaten. Fraa Frankrike, som no kom i fyreenden att, fòr det som ein storm yver heile Europa, og det nye aandslivet fekk i Norig kjøt og blod i Henrik Wergeland. Men denne gongen liksom fyrr vart arbeidet i Norig nasjonalt og kosmopolitiskt paa ein gong. Wergeland aat ei stund bondekost og klædde seg i vadmaal og skreiv visur paa bondemaal; men det var meir naturalisme en romantikk i det. Han vilde og, at nordmannen skulde vera kosmopolit: »under borgerkransen skuende frit og vidt ud i verden.«

Det fyrste store diktet hans, hovudverket hans Wergeland, het »Skabelsen, Mennesket og Messias«, - »Menneskehedens Epos« og »Republikanernes Bibel«, som han kallad det. Diktet er heiltupp bygt paa det livssynet, som lagad seg til fyre den store revolusjonen, og som kom uppatt i 20-aari og var den aandelege forutsetning fyr juli-revolusjonen. Han maalar menneskja fraa det fyrste upphavet gjenom store historiske bilæte, til dess Kristi lære fører ho fram til aa vinna att paradiset paa jordi, der brorkjærleiken skal raada og alle vera frie og like. Tyrannar og prestar strider imot, alt dei orkar; men folki vaknar alle stader. Endaa lenge varer striden; men fiendarne ryk; ettersom »ætten ældes, den ædles«, og alle helsar kvarandre som brødrar.

Gud er i naturen; alt heng ihop og utviklar seg i ei lang rad fraa »dyndet, som belives«, gjenom gras og blomar og dyr uppetter til menneskja og lenger upp til Abiriels»neppe skimtede vingespidser.« Dette er utviklingslæra heilt gjenomførd. Difyr elskar og Wergeland at det smaae, blomar og dyr; rosurne og Veslebrunen skal han møta eingong i uppheimen.

Dette diktet kom ut i 1830, nettupp som juli-revolusjonen braut ut. Wergeland gledde seg i den nye fridomstidi, og han lovad, at han skulde liva og verka etter dei tankarne, han hadde fram sett i diktet.

Og Wergeland heldt ord. Han var ikkje berre diktar, men var paa alle leider fyregangsmann i det nasjonale arbeidet. Den danske romantiske diktingi kallad han fyr »sofaliterutur«. Men dei sanne diktarne hadde voret folkelærarar, sa han. »Som fagre luftsyn foran den susende snekke glimrede deres høibilleder foran deres tid.«

Wergeland var nettup fallen fyr aa vera fyregangsmannen. Han hadde ei bergfast tru paa det norske folket, som stod næmare naturlivet en noko anna folk i Europa, og som hadde fenget fridomen paa ei reint forunderleg vis, i beste vaarspretten;

 

"da af et kobbel kongetigre jaget
i oceanet Frankrigs løve sprang:
ei for at redde ham, men trihedsflaget,
en ørn nedfor og bort med det sig svang ;"

so flaug ørni millom sky og sol og feste den trifargad fana paa Norigs fjell, og englarne steig ned og prisad fridomsverket, sa han.

Wergeland vilde vera ein god norsk borgar; Norig skulde verta rikt og stort att, medan »akset bøier knæ i plovens sejersbane;« det skulde vera som eit tre, som skulde »afryste sine blomster paa vore grave.«

Seint og tidleg var han paa ferde, naar det var noko, som kunde vera til framhjelp fyr folket; men upplysningi laag honom mest paa hjarta. Han leitad etter helsevatn; gjekk med lummurne fulle av tre-fræ og kastad ut ein neve her og kvar, »for ingen kunde vide, hvad som groede efter det;«, so var han av og skulde finna eit bondegeni; so saag han ein bondegut, som ikkje hadde tveget seg paa lenge - ut i elvi med honom; so gav han ut eit blad, og so fòr han rundt og skipad boksamlingar aat aalmugen.

Han var den fyrste, som tok paa og arbeidde fyr aa reisa det norske maalet; han spaadde eit nytt norskt bokmaal, »før aarhundredet nedrødmer.«

Var det ein »simpel« mann, som leid urett, kunde han vera viss um aa faa hjelp av Wergeland. »Han delte sit brød med den fattige og trak sin kjole af og gav til den, som ingen havde,« sa far hans um honom. Difyr elskad folket han. Langveges ifraa kom dei til honom og bad um raad og hjelp. Gjenom honom huglagde dei fridomsdagen, og naar dei ropad hurra fyr 17de mai, ropad dei fyr »han Henrik« med, som hadde »innstifta« dagen.

Han vart ikkje gamal. Vaaren 1844 vart han laak fyr bringa. Medan han var sjuk, diktad han dei fagraste kvædi; og daa skreiv han um og vølte paa det store fyrste diktarverket sitt, so alle kunde sjaa, at han heldt fast ved si tru til det siste.

Sumaren 1845 vandrad han burt, 37 aar gamal. Daa synte det seg, kva han hadde voret fyr sitt folk. Aldri hadde Norig set maken til likferd. Den endelause ferdi »glitrad med fillur« av »simple« folk, som fylgde venen sin til gravi.

gust: luftning.
to: stof; element.
menneskja: menneskeheden.
aa kalla: saa at sige.
fallen fyr: anlagt for.


Frå Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal. Lesebok fyr høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortensen. Bergen: Utgjevi av Mons Litlerè 1893. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad