Fløytelåt

(Dikt, 1945)

Selja står saftgrøn og sevjemjuk,
kvistfri og ferdig til fløytebruk
for hage smågutehender.
 
Tonen kjem smygande, mjuk og var,
aukar i kraft og fær døyvde svar
langt borte frå andre grender.
 
Solgylt og djup med ein eim av vår,
slørd som i lengt og vemodig sår
han skiftande stig og bårar.
 
Gåta om livet ligg løynd der i
jordbundne krefter som gjer seg fri,
løyst ut gjennom tusen vårar.
 
Småfuglen tagnar i skogen då,
undrande sit han og lyder på
og gløymer seg lange stunder.
 
Barnet som stabbar i garden lær,
undrar seg på kva vel dette er
for spelande, blankt vedunder.
 
Frostvar på tun står ein gamal mann,
minnest den gongen då ogso han
sprang berrføtt i fjell og finne.
 
Tonane leikar i hugen hans,
augo står fjerne med dimslørd glans
mot barndommens bleike minne.
 


Frå Dikt i samling. Oslo 1998. 4. utgåve. Side 275-276. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006. Diktet blei første gong trykt i Guten og grenda. Oslo 1945.
Brukt med løyve frå familien og Gyldendal.