Isak Saba
Foto: Stortingsarkivet

Isak Saba

Isak Saba, 1875–1921, var lærar, skribent og politikar.

Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet for Finnmark i åra 1907–12. Saba var ein sterk talsmann for samiske interesser. Han dikta "Sámi soga lávlla", "Samefolkets song", som vert kalla den samiske nasjonalsongen.

Frå "Isak Saba", Allkunne.no, sist oppdatert 6.2.2015 [lesedato 30.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.