Maalet hennar mor

(Dikt, 1893)

Av Anders Reitan
 
Maalet hennar mor me vil
      aldri, aldri gløyma!
Kor det gjeng i verdi til,
      det vil tunga gøyma!
Der me fekk i moderarv
      alt det beste, hjartat tarv!
 
Harald aatte ikkje staal
      betre til sitt yrkje;
Olav og ved dette maal
      bygde upp vaar kyrkje;
tunga talad, borni lo;
      folkelukka aldri do.
 
Skal so Norig standa enn
      daa lyt - framfyr staalet -
Norigs kvinnur, born og menn,
      leggja hug til maalet.
Tynest tunga, døyr me fleir',
      standa aldri uppatt meir. 

Me, som her ei mor hev aatt
      upp i desse dalar,
aa, me veit, me veit det godt,
      kor so hjartat talar, —
veit, at maalet hennar mor
      hev fyr oss dei rette ord.

Frå Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal. Lesebok fyr høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortensen. Bergen: Utgjevi av Mons Litleré 1893. Elektronisk utgåve 2007 ved Nynorsk kultursentrum