Agnes Ravatn
    Agnes RavatnFoto: Kjerstin Gjengedal

    Agnes Ravatn

    Agnes Ravatn, forfattar, bloggar og journalistisk essayist med ei observant, frekk og morosam form og med ei tydeleg litterær røyst.

    Agnes Ravatn er fødd 8. februar 1983 i Ølen i Vindafjord og er no busett i Oslo. Ravatn har teke grunnfag i musikk (2003) og engelsk (2004) og bachelorgrad i nordisk (2005–2007) ved Universitetet i Bergen og har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland (2005). Ho arbeider i avisa Dag og Tid (frå 2008), skriv på Samlagsbloggen (frå 2010) og er spaltist i Dagbladet.

    Ravatn debuterte i 2007 med den kritikarroste romanen Veke 53, om den misnøgde, skilde og middelaldrande lektoren Georg Ulveset. Året etter kom fanzinen Ikke til hjemlån, som ho gav ut saman med Kjersti Rorgemoen, Anja Ulset og Mari Ulset. Dei utfordra den litterære tidsånda og den såkalla gode smaken gjennom kollasjar, teikningar og tekstar. (Ordet fanzine er sett saman av dei engelske orda fan og magazine.)

    I 2009 kom essaysamlinga Stillstand. Sivilisasjonskritikk på lågt nivå. Ravatn gir her eit humoristisk og kritisk portrett av det moderne Noreg. Det er ei samling av «reisebrev frå stader der ingenting skjer», som ho hadde skrive i Dag og Tid. I 2011 gav ho ut Folkelesnad, ei essaysamling om vekeblad. Tekstane var opphavleg publisert som ein serie i Dag og Tid. Ravatn er svært kunnskapsrik og har ein ironisk, frekk og uventa skrivemåte, der ho gjer lite for å skjule seg sjølv. I 2013 gav ho ut romanen Fugletribunalet om TV-programleiaren Allis som begynner eit nytt og anonymt liv som hushjelp for Sigurd Bagge. Romanen dreier seg om skuld og skam og det å begynne på nytt. I 2014 kom boka Operasjon sjølvdisiplin, ei underhaldande sjølvhjelpsbok som byggjer på ein artikkelserie i Dag og Tid.

    I samband med stemmerettsjubileet som markerte kvinners røysterett i 2013, gav Ravatn ut langdiktet Ikkje som var ei av 12 bøker i serien Stemmer. Prosjektet ville vise kva kvinner vil seie, ikkje kva det vil seie å vere kvinne.

    Saman med Kjersti Rorgemoen hadde ho bloggen Blodklubb (2005–07). Ravatn og Trygve Åslund var redaktørar for Gi lyd (2008), som er ei samling tekstar av Kjartan Fløgstad, og ho omsette Skatten på Sjørøvarøya for Det Norske Teatret i 2011.

    Ravatn fekk Natt og Dags Bergenspris i 2007 for Veke 53, og vart i 2011 nominert til Brageprisen i 2011 for Folkelesnad. Same året fekk ho Språkprisen 2011. I 2013 vart ho tildelt Hestenesprisen og fekk same året Romanprisen, dela ut av lyttarar i NRK P2. I 2014 fekk ho Ungdommens Kritikarpris for romanen Fugletribinalet.

    Agnes Ravatn er festspeldiktar for Dei Nynorske Festspela i 2014.

    Frå Vibeke Lauritsen: "Agnes Ravatn", Allkunne.no, sist oppdatert 17.3.2016 [lesedato 30.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

    Kjelder
    Forfattarside om Agnes Ravatn, samlaget.no
    Hestenesprisen til Ravatn
    Romanprisen 2013 til Agnes Ravatn