Jacob Rasch

Jacob Rasch, skulemann og språkmann. Han samla ord frå stavangerdialekten og omsette delar av Romarbrevet til jærdialekt.

Jacob Rasch
Jacob Rasch

Rasch var fødd 27. desember 1669 på Kvalbein i Ogna (no Hå) og døydde 1. oktober 1737 i Kristiania.

Han tok eksamen ved den lærde skulen i Stavanger i 1688, teologisk embetseksamen ved universitetet i København i 1692 og vart magister philosophiae i 1696.

Rasch var interessert i mange fag, studerte medisin og språk, mellom anna gresk, hebraisk, syrisk, kaldeisk og arabisk, og skreiv om emne i medisin, botanikk, matematikk, jus og filosofi. Særleg var han oppteken av norsk historie og filologi. Frå 1700 var han huslærar hos admiral Frederik Giedde i Danmark, og frå 1706 til han døydde, var han rektor ved katedralskulen i Kristiania. For å auke kunnskapen om norsk språk gjorde han framlegg om å samle inn materiale frå norske dialektar. Sjølv laga han ei ordsamling frå stavangerdialekten og omsette til jærmål første kapitlet av Romarbrevet. Ein dansk grammatikk med døme frå norske dialektar vart aldri fullført.

Når det galdt skriftspråket, ønskte han ei rettskriving som bygde meir på talemålet. Han ville gjere dansk til skulefag og gjekk inn for dansk som opplæringsspråk i staden for latin i den lærde skulen.

Frå Jon Grepstad: "Jacob Rasch", Allkunne.no, sist oppdatert 7.2.2017 [lesedato 30.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.