Jan Prahl

Jan Henrik Fasmer Prahl, målmann i Bergen, lege i Nederland. Ungdomsverket Ny Hungrvekja frå 1858 var eit originalt innspel i den tidlege målstriden i Noreg.

Jan Prahl
Jan Prahl
Prahl var fødd 20. februar 1833 i Bergen og døydde 4. juni 1921 i Amsterdam. Han tok studenteksamen som privatist i 1855. I 1860 drog han til Nederland for å få hjelp for ein augesjukdom. Han vart immatrikulert ved universitetet i Utrecht i 1861 og studerte medisin, vart medisinsk kandidat i 1865 og tok doktorgraden i 1868. Kring 1872 kom han attende til Noreg for saman med broren å freiste å reise opp att det gamle handelshuset til familien. Det mislukkast, og i 1882 reiste han tilbake til Nederland, vart bylege i Amsterdam og vende aldri attende til Noreg.


Bergensmålmann
I 1850-åra kom Prahl med i krinsen av bergensmålmenn. Dei las mykje gamalnorsk på den tida og ville leggje landsmålet så nær gamalnorsk som råd. Seinare bøygde dei fleste seg for Aasen-normalen.

I 1858 gav Prahl anonymt ut pamfletten Ny Hungrvekja, som tok til orde for ei radikal målreising på gamal grunn. Namnet var henta frå den islandske bispesoga Hungrvaka frå tidleg på 1200-talet. Pamfletten skulle vekkje hunger etter norsk mål og kultur. Språket i boka vekte oppsikt. I ordval og bøying minte det om gamalnorsk, men språkføringa var omstendeleg tysk-dansk i stilen. Ordforklaringane var på tysk. Aasmund Olavsson Vinje kalla boka «den merkjelegaste Bok, som er prentad i Norigs Land». Ivar Aasen kritiserte den framande stilen og tykte boka var for lite folkeleg i ordval og former. Men han hadde òg godord å seie om kunnskapane til forfattaren.

50 år seinare
Femti år seinare, i 1907, gav Prahl ut, også denne gongen anonymt, heftet Sjoslaget paa Vaagen i Bjørgvin, ei omsetjing eller attforteljing frå nederlandsk. Sjøslaget er eit slag i august 1665 mellom hollandske handelsskip, som er på veg heim med last frå Java i dei indonesiske øyane og har søkt hamn i Bergen, og engelske krigsskip. Det skjer under den andre engelsk-nederlandske krigen (1665–1667). Forteljinga var skriven av Wouter Schouten, som var lege på den hollandske flåten og augevitne til slaget. I denne teksten følgjer Prahl i hovudsak det tidlege Aasen-målet.

Då Prahl døydde, vart urna ført heim til Bergen og sett ned i slektsgrava på St. Jakobs kyrkjegard, men grava er seinare sletta.

Frå Jon Grepstad: "Jan Prahl", Allkunne.no, sist oppdatert 6.9.2010 [lesedato 6.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.


Tekstar om Jan Prahl
Anton Aure: Jan Prahl. Biografi (1914)
Torleiv Hannaas: Jan Prahl. Minnestykke (1922)