Um Born

(Lesestykke, 1869)

Av Olav Paulson

     Eg er eit Barn. Eit Barn verd vel Mann. Eit godt Barn vil gjerne læra. Agta vel paa, kvat du høyrer og ser, so lærer du. Les trottugt og legg vel paa Minne, kvat du les, so lærer du ogso. All Kunnskap, som er god, er og nyttug. Lyda og læra er Ungdoms Æra. Det er ingen Meister fødd; han lyt fyrst læra. Han verd alltid Mann, som nokot godt kann. Barn er Manns Emne.
    Gud heve skapat alle Ting; han heve og skapat meg. Gud er sterk og vinn gjera alt kvat han vil. Gud er god; han giv oss Hus og Heim, Mat og Klæde, og alt det, som godt er. Gud unner alle vel; han elskar ogso Borni, og vil, at dei skulo elska honom; difyre tenk paa Gud og bid til Gud. Eit Barn kann og bidja til honom. Born hava og myket godt at takka Gud fyre. Foreldri elska Borni sine og hava Umsut med deim. Gud vil ogso, at Borni skulo elska og lyda sine Foreldre. Den, som grøter Foreldri, verd eingong atter grøtt. Gode Born ero lyduge og flittuge. Gode Born tukta seg sjølve. Det sømer Born vel at fara fagert aat. Gløym inkje at takka fyre vel gjort. Takk er tekkjeleg og kostar inkje. Han takkar fyrst, som beste Vitet heve.

 


Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad.