Til Theodor Kjerulf

(Dikt, 1867)

Av - p - [Olav Paulson]

(Tone: Ilt ofta lider dan Fiskarmann.)

Grunnlogi henger paa Bondens Vegg,
men skyna Logi han knapt kann gjera,
for Maalet smakar som rotne Egg,
er framandt, elgjet og ilt at læra.
Nei likar' sprakar
og betre smakar
dat Fedramaalet,
som klang lik Staalet
fraa Sagatid.

Med danske Bok eg fyr Presten gjekk,
eg annat hadde ei til at velja;
dat var som ilt eg i Magen fekk,
daa Ord som Kaldgrauten eg laut svelja.
Men naar eg heima
hjaa Mor aaleina
sat innved Bordet
og höyrde Ordet,
eg Styrke fekk.

Me Salmar syngja, i Skulen les
og höyra Preika paa Danamaalet,
men Röysti læter so veik og hæs
og Hjartat verd lika kaldt som Staalet.
Slik Kunnskap hyvlar
med Sjaumilstyvlar;
men lika krukutt,
ujamn og rukutt
me verda lel.

Og daa eg ut yver Landet foor,
eg höyrde Segner paa same Laaten,
og Sjomann talade same Ord
paa Skip og Jægt og i Fiskarbaaten.
Men Danaguten
og Prest og Futen,
dei tröyta Tunga
som Kattar-Ungar
mot norske Maal.

Men spyr i Dalom, daa Svar du fær:
Me Bondegutar, me lika "Strævet,"
um dansklynd Högskulalærar ser
med skjegle Augo fraa Stormanns-Trævet
stygt ned paa Herket
og Fagna-Verket
av Ferdamannen
og kvar dan annan,
som hjelpa vil.
 
 

Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad til Aalmugen. no. 43 og 44. II. Aarg. Laugardagen dan
30te November 1867. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.