Min Heimstad

(Dikt, 1872)

Av - p - [Olav Paulson]

 

Tone: Endaa som i gamle Tider.

 

Endaa som i gamle Tider
Garden millom Skog og Lider
lyser under haage Tind;
Fjorden seg kring Strandi rundar,
drøymande no Viki blundar,
attved blømer Hegg og Lind.

 

Øyarne seg fagert kransa,
Baatarne paa Alda dansa,
Skjeri hildra seg paa Sjø.
Eg paa Nuten sit og starar,
tenkjer paa dei gamle Karar,
ser utyver Fjord og Bø.

 

Her foor Far min fyrr og rodde,
her han gamle Øyken skodde,
rudde, pløgde, slo og skar.
Her han vølte, stelte, stullad,
Gledesongen stille hullad;
her han tyngste Sorgi bar.

 

Her paa Tuftom eg vil byggja
og med Viv og Born meg hyggja,
takka Gud fyr' alt han gav.
Naar mit Hjarta Sorg vil hysa,
Skal daa Voni fyr' meg lysa
til eg stupar i mi Grav.



Fraa By og Bygd. Tidskrift aat Vestmannalaget. Tridje Aargang. Bjørgvin: Hjaa Ed. B. Giertsen. 1872. Side 260-261. Elektronisk utgåve 2004 ved Jon Grepstad