Fint å ha far

(Barnebok, 2006, utdrag)

Far på fire
 
Aper er dei dyra som er mest like menneska.
    Men - ikkje når det gjeld det å ta omsorg for barn.
Hadde du vore apebarn, hadde du ikkje fått vere mykje med far.
    Om du da ikkje var ein berbarape! Berbarapefedrar er eit av unntaka mellom aper. Dei elskar å vere saman med barn. Og ikkje bere sine eigne. Berbarhannar passar alle barna i flokken.
 
Om dagen når apebarna ikkje syg mødrene sine, er dei saman med fedrane i flokken.
    Fedrane ber barna på ryggen sin. Dei voggar dei i dei lange, sterke armane sine. Eller plukkar utøy av pelsen deira så dei held seg friske og fornøgde.
 
Unge hannar, som ikkje sjølve er blitt far ennå, tar også omsorg   for barna.
 
Om natta vil ungane sove hos mødrene sine. Straks det begynner å mørkne, set ungane i med skymingsropa sine. Dei roper ut at dei er leie av far og vil bli henta av mor.
    Apebarn kan altså rope til kvarandre og fortelje andre aper korleis dei har det. Dei kan rope om kva dei driv med, eller kva dei ønskjer skal skje. Dei har skrik som varslar at dei leikar heilt aleine og treng selskap. Og skrik om at dei leikar med far.
    Vaksne har også sine skrik. Det finst skrik som fortel at ein vaksen ser på ein annan vaksen som steller eit barn.
    Ikkje minst finst det høge og langvarige sørgjeskrik frå mødrer som leitar etter barn som er blitt borte.
    Godt at det er så mange vaksne til å passe på!
 
Apeskrik er likevel ikkje som menneskespråk, så ofte må aper plusse på med rørsler og signal. Eit apebarn kan vere eit slikt signal mellom vaksne. Barn er ofte eit fredssignal, ei bøn om vennskap. Hør berre her: Berbaraper er hissige dyr, dei liker å terge kvarandre og blir lett uvenner. Men det går fort å få freden tilbake ved hjelp av eit barn.
    Den som vil ut av ei knipe og vil fortelje om det, løftar eit apebarn opp mellom seg og den som vil krangle. Straks begynner kranglefanten å kose med den vesle ungen. Og så blir dei vaksne venner igjen.
 
Berbaraper lever i flokk, og hoene står fritt til å velje kven av hannane dei vil ha som far til ungane sine. Ofte vel ei hoe fleire, og da blir det umogeleg for hannane å vite kva barn som er nett deira. Hannane må altså halde av alle barna i flokken!
    Det hender nok at dei vel eitt barn som dei tar seg meir av enn andre. Men når alle hannar gjer det, blir det ein far til alle til slutt.
 
Kvifor berbarapene er så annleis enn andre aper når det gjeld å ha omsorg for barna sine, veit ein ikkje. Kanskje er det slik at hannane har oppdaga at dei blir meir populære hos hoene dersom dei steller fint med ungane.
    Den som er populær, får nemleg ofte bli far. Og nett det vil alle hanndyr. Dei vil «leve vidare» gjennom barna sine. Og da er det jo ekstra lurt å stelle godt med dei.
 
BERBARAPE Macaca sylvanus
50-70 cm lang', 10-15 kg' tung. Hannane er størst.
Ungane (1 eller 2) ligg i mors mage i 60-66 cløgn. Dei einaste
ville apene i Europa (Gibraltar). Finst elles i Nord-Afrika.
 
___________________________________________________________________________________________
 
Frå Erna Osland: Fint å ha far. Mangschou 2006. Side 10-12.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
____________________________________________________________________________________________