Den uendelege reisa

(Roman, 2009, utdrag)

Flyet durar gjennom natta. Alt er stille. Alt er svart. Og i mørket ved sida av meg sit Besten.
    Han søv og græt.

    - Eg skal finne ut av det, kviskrar han, - eg skal finne ut av det!

    Tre gonger seier han det før eg greier å vekkje han.

    - Du drøymde?

    - Om Bisken, seier Besten. - Om Bisken og Ludvig.

    Han tar handa mi i si.

    Mivenstreog hanshøgre.Det var dei vi bar kista til Ludvig med. Bar han ut i det svarte holet.
    Eg ser lenge på Besten.

    - Kva tenkjer du på? kviskrar han.

    - Bisken, seier eg. Det om holet seier eg ikkje, eg får det rett og slett ikkje til.

    Besten legg hovudet sitt inntil mitt. Han pustar på meg, inn mot håret mitt. Det blir varmt og litt vått.

    Eg veit det no: Vi skal alle dø! Ingen veit det betre enn Besten og eg, vi som bar Ludvig i lag. Vi skal alle bli lagt ned i djupe hol. Eg veit det, men eg kjem ikkje til å greie det. Eg vågar det ikkje. I alle fall ikkje i mold!
 
Gjennom mørket. Gjennom mørket. Etter ei stund seier Besten at det var Ludvig som planla denne reisa.

    - Ludvig hadde noko han måtte ordne opp i før han reiste herifrå.

    - Frå Kairo?

    - Frå denne verda, seier Besten. - Frå denne verda, guten min.

    Plutseleg peiker han ut i mørket.

    - Ser du den stripa der?

    - Kanskje, seier eg, enda eg ser inga stripe. Alt er likt, alt er like svart.

    - Ho er nesten usynleg, men ho er der, seier han. - Ser du henne no?

    Og så ser eg henne, eg og, sola som kjem opp. Eg ser sola og havet.

    Og fjella.
    Og elva.
    - Sjå pyramidane, seier Besten, - no landar vi.
 
____________________________________________________________________________________________
 
Frå Erna Osland: Den uendelege reisa. Det Norske Samlaget 2009. Side 9-10.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.

_____________________________________________________________________________________________