Berre du som veit

(Noveller, 2003, utdrag)

Fisketur
 
Etter skolen går klassen i ein flokk, alle gutane og dei fleste jentene. Når dei kjem til Flekken - ein liten park med benker og busker - er det berre tre att: Raymond, Roger og Rune.
    Og kanskje Sigurd.
    Men oftast går Sigurd heim rett før dei kjem til Flekken. «Eg må stikke,» seier han, «far min ventar på meg.» Og før dei tre andre rekk å spørje om han vil vere med inn til byen, er han borte. Så dei blir berre tre: Raymond, Roger og Rune.
    Raymond, Roger og Rune - dei går sakte. Dei har god tid. Dei går utan sekker, sekkene ligg att på Flekken.
 
Skoledagen er over, dei er ved Flekken, Raymond, Roger og Rune.
    Ja, og Sigurd.

    - Eg må heim, seier han. Men han får ikkje gå. Hankanikkje gå, Raymond har teke tak i jakka hans.

    - Bli med, seier Roger.

    - Innover, seier Rune.

    - Nei, svarer Sigurd, - far har fri. Han har lånt ein båt av ein kompis, vi skal nordover, over brua. Og ein avtale er ein avtale.

    Han ristar på hovudet, han kan ikkje berre ... nei, han må nok heim!
    - Kan de ikkje fiske i morgon? spør Rune, - kan du ikkje seie at ...

    - Som du, ja, i går ..., flirer Roger og dultar i Rune som er så lur. Dei dultar og ler av far til Rune.

    Men Raymond slepper taket i Sigurd.

    - Skit i faren til Rune, seier Raymond og rettar på jakka til Sigurd. - Sigurd har ein avtale! Og har ein avtale, så har ein avtale. Viss eg hadde hatt ein far som ville ...ja, så ...

    Og i det same seier Sigurd: - Eg blir med. Eg stikk heim og snakkar med far min!

     Høgt seier han det. Mest til Raymond. Det er Raymond Sigurd ser på når han seier det.
Men det er Roger som svarer.

    - Vi ventar, vi, seier han.

    - Klart vi ventar, seier Rune.

    - Her, seier Raymond og slengjer sekken sin inn under ein busk.

 

Dei ventar - Raymond, Roger og Rune. Ikkje så lenge, Sigurd kjem fort igjen.

    - Men sekken? spør Rune, - kvifor har du med sekken?

    Sigurd svarer ikkje, han har snudd seg til ei dame som smiler til han. - Nabo, seier han, - ganske grei. Ganske snill av og til.

    - Be henne ta sekken din da, foreslår Roger, - så ser vi kor grei ho er.

    - Skit i sekken, seier Raymond og slengjer Sigurds sekk saman med sin.

 
Dei sig nedover mot sentrum, Raymond, Roger og Rune. Og så Sigurd.
    Dei går i ei klyngje inn mot butikkane,
inn til kioskane med nesten forbodne blad, og til kino midt på dagen. Dei sit på rekke inne i mørkret og deler snop.
    Det er mest like mørkt når dei kjem ut, for det er framleis vinter, dagane er korte og kalde. Hadde det vore lysare, hadde dei aldri tort å setje sekkene frå seg på Flekken, men no går det greitt.
 
Dei er tilbake ved sekkene no. Dei har litt godteri igjen, og slår seg ned på same benk.
    Dei deler. Dei dultar i kvarandre og pakkar opp små, seige karamellar og salte drops. Dei skyt papirkuler og tygg og skubbar i kvarandre.

    - Fint du vart med, seier Raymond og gir Sigurd den siste sure silda.

    - Far din er grei, seier Roger.

    Sigurd smiler, han er så mett at han

må tvinge seg til å tygge.
    Men Rune seier: - Dumt med den fiskinga. Koss kan han vente at du skal dilte etter han kvar einaste dag? Far min, altså, han seier at...

    - Skit i far din! roper Raymond og reiser seg, han vil heim.

    Sigurd er alt på veg, utan sekk, Roger har oppdaga det og set i: - Sekken, Sigurd!

    - Du gløymde sekken! roper Rune.

    - Hent sekken hans, du, seier Raymond til Rune.

 
Så det blir Rune som finn han, mannen som ligg og søv på sekkene deira. Rune bøyer seg inn under busken der dei har gøymt sekkene, og der ligg han.
    Rune støkk unna.

    - Det ligg nokon der!

    - Oppå sekkene! roper Roger.
    Raymond roper ingen ting, enda han
ser det, han og. Han ser både mannen og sekken som han har velta seg over, Raymonds eigen sekk. Det er sikl på den.
Eller har mannen spydd på den, rett og slett?

    - Helvete, kor han luktar, seier Rune.

    - Han har pissa på seg, er det Roger som seier.

    Raymond berre ser på mannen. Han er i ferd med å reise seg. Det tek si tid, men så snart han har klart det, tørkar han siklet av seg og seier at han leitar etter nokon. - Sigurd, har de sett Sigurd? Nokon hadde sett han her. Og sekken, sekken er jo her!
 
Sigurd er kommen tilbake no. Han står bak Raymond, Raymond som seier til Rune at han skal sende sekken til Sigurd. Fort! For Sigurd må heim, faren ventar på han.
    Sigurd får sekken. Men han får ikkje springe, mannen har teke eit fast tak i han.

    - Sigurd, seier han, - kvar vart det av deg?

    Sigurd prøver å komme seg laus, utan å greie det, mannen er plutseleg blitt sterk.

    - Eg venta på deg, seier han, - eg vart uroleg for deg.

    - Slepp! skrik Sigurd til mannen som vil halde han att. - Slepp!

    - Sigurd, seier mannen, stilt no, utan å sleppe taket, grepet i Sigurd er krampaktig.

    - Slepp meg, slepp meg, hører du! skrik Sigurd til mannen som ikkje vil sleppe.

 
Da bykser Raymond fram. Han skubbar mannen unna Sigurd og skrik at han skal la Sigurd vere. Han skal la Sigurd få gå, for faren ventar på han!
    Mest like raskt er Roger der. Han slår av alle krefter mot mannen som ikkje forstår at han må sleppe Sigurd.
    Rune kjem også. Han grip armane til den umoglege mannen, og vrir dei bakpå xyggen hans.
    Mens Raymond sparkar. Han sparkar den skitne mannen der han kjem til, i den klissvåte baken og leggene. Han sparkar han på føtene og, for å få fart på han. Han har å komme seg vekk! Han har å komme seg unna og ikkje stå her og plage Sigurd! Sigurd som har lita tid og skal heim og steikje fisken som faren har
fått på fisketur på den andre sida av brua. Sigurd har jo ikkje ete middag eingong.
    Ingen av dei har gjort dét. Og no er det på tide å komme seg heim!
 
Dei langar ut, Raymond, Roger og Rune. Ja, og Sigurd. Han går skulder mot skulder med Raymond, mellom Roger og Rime.
    Ingen skal få komme og plage Sigurd.
    Ingen!
    Dei hastar heim - for dei er svoltne. Men i morgon?
    I morgon, trur Sigurd at han kan bli med da? Eller vil han ut og fiske med faren?
 
___________________________________________________________________________________________
 
Frå Erna Osland: Berre du som veit. Det Norske Samlaget 2003. Side 57-64.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
___________________________________________________________________________________________