Sigbjørn Obstfelder

Representant for ein tidleg modernistisk lyrikk.

Sigbjørn Obstfelder
Sigbjørn Obstfelder

Sigbjørn Obstfelder, 1866–1900, var forfattar. Han debuterte med rimfrie og ustrofisk oppbygde dikt, Digte i 1893, og sjokkerte med modernismen. Seinare følgde prosadikt med Byen i 1893 og Den forladte i 1894.

Han skreiv òg i andre sjangrar. Novellesamlingane To novelletter frå 1895 og Korset frå 1896, skodespelet De røde draaber frå 1897, romanen En præsts dagbog frå 1900 og posthumt Efterladte arbeider frå 1903. Breve til hans bror kom ut først i 1949.

Frå "Sigbjørn Obstfelder", Allkunne.no, sist oppdatert 21.5.2013 [lesedato 6.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.