Var natt i tun

(Omsetjing, 1923)

Av Robert Burns, omsett av Olav Nygard

Var natt i tun, og yver brun
skein maanen svalt paa borgemur;
ei maaltrast song, og dogga hong
i dropar yver borgemur;
dei dansa leikne ring-um-reng
all natt til hanen bles i horn,
og same umkved song i streng
um alle Irvine's fagerborn.


Frå Dikt av Robert Burns. Umsette fraa engelsk av Olav Nygard. Oslo: Det Norske Samlaget 1923. Side 50. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad