Til gampen min

(Dikt, 1923)

Av Olav Nygard

 
Å kjær venen min, Pegasus, lever du enn?
Å eg tok til å tru du var all.
Ja sjølv takk du, fyr sist! Men kva er det som brenn
i ditt auge, og doggar din stall?
Å god tuftekall unnte deg vatn og salt
til det tårebrygg-tipl som renn
yve hangande mule. Gud veit det var alt
som du fekk. Og du lever då enn?

 

So du småhumrar, stallgamp, og lettar på hov?
Er du beisk, eller er det humør?
Ja hugs fyrr, då stod auren i sprut når du grov
og tok kuten til solfjells mot sør.
Men eg tykkjer det vivrar der - namn til ein veng?
Ja so sant - der er heiltupp eit par!
Nei no lær eg meg skeiv, eg vert sjuk, lyt i seng.
Berre flott inni feigda, du far!

 

Å so lavyrd og lusken, du; luggen og mån-
en i villfloke, hårhamen heng
i ditt turrskinn som tafstogge skryt gras og skrån, -
ikkje skytråvar lenger, min dreng?
Nei no fæler eg ..... alt vert til skugge og sky -:
er du krubbebit og, arme gut?
Å du byrgnasa alemor, jord, ver kje kry.
du er gravmerkt - send sjaundarbod ut -.

 

- - -

 

Eller var det i draum me fann uppveg og leid
gjenom dynjande himlar ein gong
då på solskodd og sylvfaksa skyer me reid
med ein morgonbjart stjerneher song?
Og då draumen lik brestande skumblørur sprang
stod me jordfast med beinbrotne kne
og må beite i klunger på skuggedals-vang
med vår vonlause lengsel - å ve!

  


Første diktet i Ved vebande, 1923. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad