Til ein ven på Italiaferd

(Dikt, 1923)

Av Olav Nygard

No sit du ferdaglad i varme sæte,
ditt auge slær seg fram som falk i flog
og bringa lyfter seg med bylgjekjæte,
du sym i skyheim-syner; der er sòg,
det sæle sudrag i ditt brjost; og læte
av kverve hjul og akselljom og gnòg
av sang re fjørstål - kor det heile sonar
seg av i sæle allheimsharpe-tonar!
 
 
Han styn, din sterke stålhest, yve spengjer,
og jorda vikjer sine kroke-kne
or vegen din, stolt herre! Sjå ho rengjer
si gråberg-møne ut, og vyrk ho bed
deg take beinleid; frøsande du trengjer
deg gjenom alpenatta, varest ved
ein morgon når dei siste skoddestrimlar
kverv av i eventyrblå Roma-himlar.
 
 
Den vår med vinlauvglans i gamle lundar
eg ser i innsyn! Eg hev hyst ein draum
um løysingsferd, eit kjælebarn som blundar
på morgonsky, men døyr i dagsens straum
når vona fjører ut. Då tanken skundar
seg fram med lækjeråder, fester gaum
um der er livvon. Men eg hev eit minne
at fagerborn låg bleike fyrr her inne.
 
 
A send meg heim ein solgyllt svaletanke,
av alle dine tusund berre ein!
so mine vengjebrotne sviv fær sanke
seg kring han, gløyme alle sine mein
i undringsrus, med augo gledeblanke
ber fram den elsk som brenn i merg og bein.
Men kann eg ikkje løysingsfagnad finne
so vil eg blunde av i mine minne.
 
 
Ja sveipe sjæla inn i avdalsdraumar,
der freden under blåe skuggar bur,
der svanesongen stig frå logne straumar,
der tida, ofsesprengd, lik bekk i urd
kverv burt, og æva styrer alle taumar
og blundande på lagnadshjule snur:
der blide englar utferdsporten sprengjer
og ber meg burt på vemod-svale vengjer.
 
 
Forklaringar:

Sudrag: bølgjeslag på stranda.
Gnòg: gnaging.
Sangre: klynkande.
Spengjer: fleirtal av spong, skjene, smal plate.
Gråberg-møne: møne; ryggmarg.
Vyrk: omsutsfull.
Gaum: merksemd.
 
 

Frå Ved vebande, 1923. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.