Til ei ung gjente

(Omsetjing, 1923)

Skrive paa eit blankt blad i ei bok skalden gav henne.

Av Robert Burns, omsett av Olav Nygard

Roseknupp, so livsens ung,
mailsol-gylt og sevjetung, -
maa du aldri, blomebrur,
folne under hardvers-skur.
Aldri Boreas' ville jag,
Eurus' øydar-andedrag,
aldri vonde stjennur maa
deg med utid-sotter slaa;
aldri tjuvekryp faa rom
i din reine møyar-blom;
gjev aldri Sol med saarbrand slær
din barm som no i dogglaug lær.

Fagre raudskinn-rose, tøm
signingsstaupe ut og bløm,
til ein kveld i doggfalls-fred
balsam-angen baarar ned,
med' klokkunn skjelv i lauv og lyng
og fuglann sjelemessa syng;
daa, med syrgjesongen gjeng
faa di sjel sin engleveng;
gjev daa att til moder jord
den venast ham ho vekte or.


Frå Dikt av Robert Burns. Umsette fraa engelsk av Olav Nygard. Oslo: Det Norske Samlaget 1923. Side 15-16. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad