Til "ljåmannen"

(Dikt, 1923)

Av Olav Nygard
 
Stig fram or lauvhengløyne der du kviler
med blomeband - er det din dølne ljå?
Det er kje stålglim - tjørnblå rosur smiler
i alle gluggar; å eg kan nok sjå
kor hjelpelaust du harde munndrag spiler
te lage smil - bryt tåreperlur på
i tome augneholur? Kann du tvinge
slikt gull or bleike bein og blodlaus bringe?
 
Å ver kje bljug av dine ljote lender,
av gnagelåten i ditt turre kne;
din elsk er hjartemild, i dine hender
ber elskhugsgåvunn bod om sæld og fred.
Kvi skjelv ditt viv? Å, mildt som mor du sender
ditt brudlaupsbod med livsens helsing ved.
Den rædde møy! Ho utan deg laut lide
i jomfrubur den største kjærleikskvide.
 
Stig fram or dine løyndomsfulle dalar,
du er ein kjenning ifrå ungdoms tid;
eit gamalt sigersminne endå hjalar
i evigt dvergemål her under i
mi sjæl; i den ekstase-bylgja svalar
eg etterverken av so stor ein strid.
Og vemodsfull eg ser kor live vimlar
i villsvarm fyrr det stig mot kveldblå himlar.
 
Du veit, du veit kor lite eg hev vunne
å byggje livsverk av min ungdoms draum;
du veit kor tusund meinklør trått hev spunne
meg fast og alltid fastar i sin taum.
Og venenn, venenn som eg skulde funne ­
å var eg sjølv slikt vatn uti straum?
Men dei som let meg sjå Guds varme tanke
i venskap, dei laut sjølve manna sanke.
 
Men etter alt ligg livsens leid forklåra
og bivrar barneskirti sylvslørd sol;
frå morgonlidenn slær den raude båra
av heilag livstrå kring min svanestol.
Og yve dvalemoann hev det våra
med roseflod i alle audebol.
D'er same staupa som eg fordom tømde,
men draumdrykk skin der blodrus-vinen blømde.
 
Attende i ditt fang eg hovud hallar,
eg blundar av so eg kann betre sjå,
og høyre når i lauvsus lognt du svallar
og svevnsyng som med kvitkoll-tungur små.
Å det er søte ungdomssviv som kallar
meg heimatt, heim der eg drog ut i frå.
Og ringen renn i hop; i songmod hjalar
min fyrste vår igjenom austerdalar.
 
Forklaringar:
Dølne: av dølen, om lyd: døyvd, uklar.
Ljote: stygge.
Sæld: lykke.
Hjalar: ropar.


Frå Ved vebande, 1923. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad