Sonnett

(Omsetjing, 1923)

Skriven paa fødedagen til skalden;
han høyrde ei maaltrast syngje
med han gjekk ute ein morgon.

Av Roberts Burns, omsett av Olav Nygard

Syng, blide maaltrast, paa di nakne grein,
syng, blide fugl, du fangar hugen min.
Sjaa regnsur aldrug Vinter fær ein glein
av smil ved kvike lovsongstonen din.

Slik sit paa einsleg Armods aude strand
den milde Nøgd med hjarta ljost og lett,
tek augneblinken blidt som solarsprett,
spør ei kva von eller misvon d'er fyr hand.

Takk, du som skaper denne unge dag,
som gyller austanhimlen med di sol!
Um ikkje eg fekk rom i rikdoms stol -
di gaave gjev ei frygd av reinar slag.

So kom, du armodsbarn, me set kje krav,
men skifter skjerven høge himlen gav.


Frå Dikt av Robert Burns. Umsette fraa engelsk av Olav Nygard. Oslo: Det Norske Samlaget 1923. Side 46-47. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad