Shakespeare

(Dikt, 1923)

Av Olav Nygard

 
Å Albion, du stolte storhavssvane,
kor ligg du lett på sjø! Kor brjoste ber
seg høgt og muskelfast mot bylgje-tane!
I hildre langsyn ser eg kor du slær
din svale sjø med storveng - vil du spane
han ut og fljuge av i sollandsferd?
Å milde magt som batt med sterke hender
den songardronning ved Europas strender.

Ein vårsøt dåm frå Arilds tider blundar
i gamle Englands grøderike jord;
til Bretlands gudevalde grøne lundar
av lagnad tunge Angelsaksann for;
der kveikte folkevorden alle skundar
til Englands ånd sprang ut som drivhus-flor.
Til denne under-øy alt mannkyn skodar
med augneglod so langt som himlen rodar.

Du låg vel eingong djupt i havsens grunnar
og sov i Kaos' kalde jotunfang;
men stilt i ævedjupe visdomsbrunnar
dreiv åndenn skiftespel med hav og vang;
dei kanna verdsens vidd, drog lut og lunnar
or djuphavs natt; i skapingsrider sprang
Lemuria, Atlantis upp i dagen,
den fyrste blomeseng i folkehagen.

Ja åndenn sveiv i tusund tolmods dagar
upp yve vatn, gleid på vengjestol
frå utnords ætt der isfjellkjempur jagar
til vendekrinsann under brandheit sol
å finne beste livd til folkehagar.
å reide unge mannaætta bol.
Og med dei skreid i verk, dei dyre draumar,
fekk fornland form, og have sine straumar.

Stolt Nilen sumde fram med breide lender
i skaparsynenn; Arams mark fekk rom;
av Kanaans myrke merg vaks kjempehender
som trivla høgt mot Jahves himeldom;
Ægæarhave låg med smil kring strender
i hugsynsheimen som ein brureblom.
Og imot Tiber låg ein lengsels dragnad
å leggje Roma-stål i heimsens lagnad.

Og soler song på høge verbraut-vangar,
planetar vende kjælne nattsval kinn
mot strålefossann, lik den blom som fangar
dei gylte fagerfly og stengjer inn.
Men då ei stund, lik herrelause gangar
som ottefull dei vande vegar finn.
låg stolte solsystem i sine banur
med utrygg venderor som rædde svanur.

For då ei stund var deira styremenner
på høgste hovdingorder kalla ned
til jords; det var den valde flokk som kjenner
til inste puls og minste nerve-tre
allheimsstrukturen; det var dei som spenner
korbogann yve livsens altar-ve.
Sjølv jorda ungsvævd kjende sog i sansar
og laga æreport av verljos-kransar.

Lik dyremor som kjenner sine tider
og søkjer sansevar ein fredarstad
sveiv skapar-ånda fram i fødslerider,
og stjernehimlann stirde stilt og bad.
Og yve vatna lognast det umsider
og ættevordann flokkast til i rad.
Då fall det store teikne; ifrå munnar
fall ord som løyste band i heimsens grunnar.

Det gjekk eit biv igjenom havsens bringe,
den kalde bylgjetyngd veik liksom frå;
og djupt i kav tok Albion te ringe
si landvidd inn, og jordeld skuva på
med riseaksler, og fekk vest-i svinge
dei Waleske fjellkne upp, og Cornwalls tå.
Og Caledonia kjende lekkjunn falle
og skuva Kaos av sin kjempeskalle.

 - - -   

Men Shakespeares jordham-molekyl låg gøymde
og nørde upp eit dulramt fyrespel
av liv, - det aldri slikt eit under strøymde
i jordskapt to: Det kjem ei stund som vel
oss ut, - ein ørgrand av det grjot som fløymde
i hop då verda vart ... Ei løyndesjæl
sprang ør glad rundt i tusundår og talde
kvart molekyl av dei som ut var valde ...

Kvart aldersvende auka rytmesongen
som strøymde på dei eggjande og varm
frå upphavsheimen; der bar skapartrongen
ei solånd sovande på allmagtsarm;
men ho gleid draumstilt inn i båregongen
som himelstraumann bar mot heimsens barm.
I villkåt gir låg molekyla spana
og fyresyner frå si livsånd rana.

Kvart synglimt dei i heilag hækne nådde
gjeng inn i ljosken til eit spanespel,
og all den jord der mannaætta rådde
vert kreista inn til scene; kvar den sjæl
som under sola hausta eller sådde
vert gløypt av nokre få, som skrid med svæl
og svarm, eit øgje dragtungt toredunder,
so sjølve jorda søkk ihop innunder.

Ja her er staden; heimsens heite vinne
ligg tung mot æva med ei blodsår bøn
at snart må gamle skoddestridar finne
ein klårdag til å sjå si sigerløn.
Å, her held fyrespele på å spinne
si råme ut, ei sigersbragd, av gjøn
i Falstaffs faunland, elsk i æves glede
då Romeo høyrer Julies helsingskvæde.

Kor ligg den jonsoknatt i sine lundar
og søv seg ut or alle livsens far
til livsnatura sjølv i hilder blundar
so jorda er ein himels fyregard.
Sjølv i dei døkke land der Macbeth skundar
seg gjenom blodskodd og krev spådomssvar
ris sigren bleik blandt nifse avgrunnshamar
som djupe grunnstev av hans høgsong stamar.

Ja frå den avgrunns-verd der Lear ligg bana
med himlens barn Cordelia i fang,
der tankann svimrar fyr den magt som rana
upphimelsrett på solrik fødes-vang
- i audna etter alt stend sigersfana,
i syrgjesongen berre vemodsklang.
Då rys kvar utvald jord grand nedi grunnen:
Den største strid i mannebarm vert vunnen.  

Til sist glid synenn burt frå alt som stengjer
og gløser mildt i Ariel's underland
der sælesøv alt liv når spele fengjer
frå Ariel's harpe, smidd av åndehand.
Og Prospero, som lagnads-oke sprengjer
og ligg på utflog yve himelrand -
hans grav fær lita fengd; som fjellelvstraumar
han er i æva alt med åndedraumar.  

  


Frå Dikt, 1934. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad