Nykken

(Dikt, 1923)

Av Olav Nygard

 
Eg set meg ned på elvabard,
d'er høg og solgod sumar;
humla spelar brureslåtten
åt dei hundra blomar.

Eg set meg ned på elvabard
og kannar mine draumar;
nykken lyfter nåbleikt andlit
upp or kalde straumar.

"Du sumarson hev gude-nòt,
kjenn godt! Kor blomen angar!
Er det ikkje blomesjæla
levande du fangar?

Du bryt deg fram til livsens brjost
i løynde visdomsgangar;
heimsens kjælne bergsjæl stryk deg,
turkar tår av vangar."

"Du spottevette, um du grin
og illfult and lit skjekkjer -
millom oss er ætteband
med ni og nitti lekkjer.

Natura gjekk på villarveg
med deg i fosterlægje;
du vart rengd i ørskeleiken,
støytt i spott og trege.

Men alle livsens helgarborn
fekk tirøygd samhugs dragnad;
sjæl er gjest hjå andre sjæler,
ør av frendefagnad.

All himel spanar ut sitt tjeld
um sine stjerneringar,
systersoler helsar varmt
og nigjer der dei svingar."

"Du blome av ei tvikynd ætt,
når hjåsvæv-tråa girer
er det berre samhugsbrand
som i ditt auge tirer."

"Du bleike nåe fekk ditt liv
i einkynd ætt, du arme;
eg var fullsæl fekk du lauge
deg i elskhugsvarme."

Han rister marelokkut hår
og hikstar holt, den guve;
med ein igul andlitshjelm
han skyt seg fram å gruve:

"Du kveikjer eld i rimlagd barm
med klunk på slike strengjer;
lær meg fager fivreldleik
i søte blomesengjer."

"Di eitertunge rispar hardt
i såre hjarterøter;
einast skirde ævekjenslur
slike hardhogg bøter."

"Du fødde lett ei fjølmennt ætt
med denne kjenslemylje;
sæl den grav som fær i eige
slik ei heimanfylgje."

"Mi grav er regndøkk draumeheim
der livsens soler logar
inn og reiser himelbru
av høge bivrost-bogar.

Frå denne svale stråleleik
fær elskhugssæla kransen
ævetråa spanar flogfjør
ut isolfallsglansen." -

Han sig med linndrøgt bylgjeslag
som rullar mjukt og kraumar;
flokne lokkur fløder ut
og kverv i kalde straumar.  

 


Frå Ved vebande, 1923. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad