No rikjer hausten

(Dikt, 1914)

Av Olav Nygard

 
No rikjer hausten
på livsens torg,
og sankar føde
av årsens grøde
i bud og borg.

 

No trakkar hausten
med breide skor
på alle blomar
som trur d'er sumar
med sola glor.

 

No kvesser hausten
sin blanke kniv
og rister runer
i brot og bruner
fyr dømde liv.

  


Frå Runemaal, 1914. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad