No kvil deg

(Dikt, 1923)

Av Olav Nygard

No kvil deg, fot; no hev du vunne fram;
her søv mitt fjell i varme sumarlindar.
Det kjennespake hjarta skifter ham
i andardrage ifrå fjell og tindar;
det finn kje fleire berg og bægjegrindar.
og kjensla rår so rein og undersam.

Dei same dyskjegråe skuggann klengjer
seg tråbeitt ned i djupe gygresengjer,
og kvite snorer heng i sveiv og slyng
um runde aksler; bårur blikreglansarA
som bringesylv når unge brurer dansar
og fysnebìven gjenom bringa syng.

Her kann du kvile deg på mosefeld.
Hin sæle dag du steig på desse steinar
då gjekk det danselett um skard og leinar,
som vind og vengjer yve urd og deld,
um hól og haug, um skarv og skridelaup, ...
med sol og sylv or høge salar draup ...
... Ho raudna i si yngd, ho baud meg blomar;
og dagen rann som straum, og hjarta saup
den søte honningdåm av livsens sumar.

Det kom ein kveld då sæle ånder seig
med linnan song til jords; dei såg vår fagnad,
og songen traut i tregerop; dei steig
med storm til himmels, bad um mannalagnad.

Du jord som kjenner dette hjarte banke
imot di bringe - hennar vesle fot
hev feste einstad på ditt trauste grjot;
å tru um denne stund ein bivretanke
sviv hit og leitar fram att denne kveld
og sit ei livstid søkkt i ordlaus age ...

Det ris for augo upp eit himetjeld
der glimur skjelv som sol i bylgjedrage
og brår og brest med kvart det augneslage.
Sig undan, bivredogg, som syne blindar!
Lat augo kvile ut på desse tindar
og lauge seg i løk og lonar blå!

... Den same heite hug som ikkje spaknar,
det er den same øre elskhugstrå;
og årsens dumbevev frå syne raknar;
d'er alt so skirt, men langt, so langt ifrå.
Det ligg ein lengslebiv i bekkjesongen,
og vinden susar gjenom lyng og strå
sin ævetone, å so likt hin gongen
då sæla bygde reir av heitan trå.
- - -
Den gamle haug i hyggjesæte kvilar
og blundar herda slut i solar ro;
men vakne tjønner kastar strålekilar
til kjennings med meg, skalkeglyrer, smilar
og spør um eg hev same ærend no -.

Du bjarte dotter åt det gamle fjell,
du blunkar møyarmildt mot harde strender -
eit minne upp or dine djupner vell,
du gjølte, strauk meg med so mjuke hender;
eg la meg barne-leiken i ditt fang;
då bar du dine lippur upp til mine,
so hennar munn den raude rosefine
tok tankann, so dei upp som lerkur sprang;
eg skauv ditt svale hold til sides, lende.
og sprang det fjordunglange fjell til ende.

På siste leite stig den minnesveim.
Sjå høge harde fjell er undan skotne
og stup og gavleberg er samangotne
til livdakvarmar um den alveheim.
Ein bekk spring ned og skjek sin kvite bring
og legg seg blankøygd midt i grønan vang;
han lyster kvile der ei æve lang,
og freistar um d'er råd å gå i ring.

Og vinden sviv i tjuveham og stel
seg fange fullt av rare ljod og lundar:
han fangar sullansong frå bekk som stundar,
han sveiper i si kufte vârt og væl
det linne hamra-hull og alvespel.
- - -
Det stend i same stad det vesle sel
som det var løyst or strake tidartaumar;
og ho hev anda inn eit vik av sjæl
i vegg og ved: høyr, tungført minne tel
og trøyer seg med skimt av hennar draumar.

Kor alt hev kvara seg i sine minne
som svævde svalur inni logne reir:
ei einsemds ånd hev her si draume-vinne
med farne ting, og kviskrar svevn-ord linne
at her kann aldri hende noko meir ...

Men bakum alt som auga ser og sansar
ligg livet heitt imot sin himelport,
og alle hender flettar ærekransar
åt han som hev det alt til under gjort.

Frå Ved vebande, 1923. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad