No kjem dei att

(Dikt, 1934)

Av Olav Nygard
 
No kjem dei att i flokk, dei gamle minne
som nattesus i fjellskog, vemodsgråt;
dei kjem med signing til mi solfalls-vinne
so mine draumar emnar nye skot.
Og alle sorgjer søv i soningslinne;
med helgdæmt sonings-mod eg smiler åt
den verd av liv og draum og vigde stunder
som gjekk til kvile i det store blunder.

No kjem dei att, men kved kje i og hjalar
med solskum i sin song som burtum år
attende, då me gjekk i våre dalar,
og liv og minne, alt var heilag vår;
dei veit det vitjar meg ei ætt som talar
eit avgrunnsmål som eitra upp i sår.
Men åra, dei Guds milde bergingshender,
dreiv draugeætta ut or mine grender.

No er her stilt som millom store stunder
i fyrrom tid, når sjæla solmett gleid
ifrå ekstasen inn i blåsvalt blunder
og kvilde ut som skyvers-skodd i heid.
Ja stilla syng til ære fyr det under
at såra gror, so daudens ilt det sveid.
No finn eg att den ljuve kvild eg kjende
fyrr tida for, og bruenn bak seg brende.

 
Forklaringar:
vinne: onn, arbeid
linne: mildskap

 


Frå Dikt, 1934. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad