Min dag ligg dimøygd

(Dikt, 1923)

Av Olav Nygard

 
Min dag ligg dimøygd ned mot vesterbruner,
ei svevnkjær kveldkjøld legg seg breidbords inn;
ei verd av vemod ol den skodd som uner
i alle augneleite, stig og finn
seg høge himelsengjer. Livsens runer
la avdagslit på ungdomsraude kinn -
d'er ikkje kveld med svevn i dvalne sansar,
d'er morgonmerg som i mitt auge glansar.

Å kom til tuns, de solblå vårdagsminne,
eg gjev dykk gjerne alle gjesterom;
for her hev butt ein syskinflokk her inne
bak døkke fyreheng; det sym ein om
av brotne røyster mot den skuggestinne
svarttjelda himling i min sjæledôm.
Løys av, løys av dei tunge fødslerider
fyr nye sumrar, nye skapningstider!


Frå Ved vebande, 1923. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad