Med eit bilæt av Mons Litlere

(Dikt, 1923)

Av Olav Nygard

Eg ok i rømdenn på min langferds-kane
lik ein komet i annsam klotesveim,
og kjempesoler batt meg til si bane
og gav meg strålesmil og varmeeim.
Då med di logne dragmakt vann du mane
meg inn på vitjing i din sfæreheim.
Du var ei varmsjæl millom soldrabantar
med grorsøt jord som større klotar vantar.

D'er attergangar-stilt kring dine tankar
som eingong brann av livsens eventyr;
men sjølv i denne skuggestilla bankar
eit slagvarmt hjarte; det er skatten dyr
fyr Herrens her som haustargrøde sankar
på allheimsmarkjenn, til ei nytid gryr
når alt av mold, som ol seg åndevengjer
finn univers der ingen jordbøyg stengjer.

 


Frå Ved vebande, 1923. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad