Liv, eg hev drukke
(Dikt, 1915)
Av Olav Nygard
Liv, eg hev drukke
drykken du blende meg,
orvon og lukke,
hug-ørsla kjende eg.
Livshugen vogga
vona i høgtids-lag,
leik-fysna dogga
augo mot dag.
Her hev det våra
eingong i desse land,
sol-kjæta båra
flod-brå um grornæm strand;
blå-kvelven bivra
stinnladd av fysne-trong,
tre-millom vivra
vårfugl og song.
Her hev det kvelda
på meg i øgjes-heim,
her hev eg tjelda
meg i ein ørske-sveim.
Hugen som spana
livs-ringen rengjekvast
stupte og svana
saman og brast.
Liv, eg hev drukke
drykken du blende meg,
orvon og lukke,
liv-ørsla kjende eg.
Vårløysings-hjale
drukna i ofse-flaum,
att stend den svale
blåæve-draum.
Frå Kvæde, 1915. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad
Publisert