Lauvfall

(Omsetjing, 1923)

Av Robert Burns, omsett av Olav Nygard

No skodda so lat yver haugebrun heng,
dyl bekken som dim sine slyngvegar gjeng.
Kor dauvleg er lendet som brikte av liv
med Hausten si eige til Vinteren skriv.

D'er brunt yver bøar, d'er svart uti skog,
og leiksumarlivet or bygdene drog.
Lat einsleg meg vandre, fortenkt paa den ting
kor hardt fyr den jagande lagnad me spring.

Kor lenge eg levde! Kor faafengt i bland!
Av ulivde dagar - kor liten ein grand!
Kva utsyn min ungdom i framsiget bar!
Kor illsaart min lagnad i bringa mi skar!

Kor uklokt, ja verre, fyrr høgda me naar!
Og nedferda maktlaus og myrkleg og saar.
Ei byrd er vaart liv med all gaave det gjev;
fyr eitkvart bak grava fekk mannen sitt liv.


Frå Dikt av Robert Burns. Umsette fraa engelsk av Olav Nygard. Oslo: Det Norske Samlaget 1923. Side 37. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad