Kvi øser du meg upp

(Dikt, 1934)

Av Olav Nygard

 
Kvi øser du meg upp med høgheimsyner
du dulde allmagtstenar? Å, gjev ro.
Eg ser kor dumbegråe årfall tyner
det verk eg vann då hugsynshimlann slo
sitt gulltjeld ut. Å gåte-ånd, kvi syner
du då min ævehunger himel-to
som nører sjæla med ei sigers tryggje
at jordsens son kann verk fyr æva byggje?

Du dreg meg gåtefullt til dine hallar
der himeldrykk i stråle-kvervlar skin,
med sfæresong og svaneånder kallar
mi jord-forkjøvde tru or dvale-lin.
I heilagvigde tungemål det svallar
frå høge stjerneborgjer; sælevin
renn sildre-mjukt igjenom skirde sansar,
med ljose blømer fram som rose-kransar.

Ei sol-å syng i alle sjæledalar
når skapningstråa tek si fengd i fang;
og fram or alle heimar fargann spralar
som sjølve livsens strålur frå dei sprang.
Og søtt or duldom sjølve æva talar
til tida, hennar barn, som fekk seg rang
i heilagstol, for di ho bergar draumar
til ljuvlegt himelspel i ævestraumar.

Når då eg finn meg att i jorddagsklåre,
og gjev mitt høgsynsbarn sin alders dom,
då hamrar tankann på ei likferdsbåre
som gjer mitt hjarte til eit kjøverom.
Kva er den høgeld på min varmhus-åre
når ikkje tida held mitt verk i blom?
I trengsla sjæla sjølv sin utveg stengjer
til såra gror til nye flogferds-vengjer.

 


Frå Dikt, 1934. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad