John Anderson, min ven

(Omsetjing, 1923)

Av Robert Burns, omsett av Olav Nygard

John Anderson, min ven, John
daa fyrst me kjende vart
di vene panne glansa,
ditt haar var ramnesvart.
No er di panne berr, John,
ditt haar som snøen skin.
Men signe kvite skolten din
John Anderson, min ven.

John Anderson, min ven, John,
me kleiv i berge saman
og hadde oss i lag, John,
so mang ein dag i gaman.
Me stabbar nede no, John,
vil leidast vegen inn
til same seng ved bergefot,
John Anderson, min ven.


Frå Dikt av Robert Burns. Umsette fraa engelsk av Olav Nygard. Oslo: Det Norske Samlaget 1923. Side 49. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad