Haustarregne driv

(Dikt, 1914)

Av Olav Nygard

Haustarregne driv i straumar 
yve lid og gråklædd heid; 
skodda flyg fyr ræsne vindar, 
riv seg sund i ris og rindar; 
verda andar tungt i draumar 
illelt av ei marereid.

Dalen er ei seidmannshole 
under øgjen gygredag;
millom bygjeskuggar veiner 
skjelvne klekke ljoskegreiner, -
skimreskin frå daudøygd kole 
yve håkne andlitsdrag.

Solskinsrædde avdagsvette 
kiker fram or urd og runn; 
kring i djuv og glyvre trallar 
regnverskåte tussekallar, 
dreg den dølne skoddehette 
tett ikring sin gildelund.


Frå Runemaal, 1914. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad