Han far dreiv gard

(Omsetjing, 1923)

Av Robert Burns, omsett av Olav Nygard

Han far dreiv gard i Carrick grend,
     det er dei grensebygder;
han ol meg upp med kjærleg sut
     i sømd og ordens dygder;
han bad meg stemne mannsleg fram
     um peng eg aldri aatte;
for utan ærleg mannsleg hjarte
     ingen vyrdast maatte.

Med ungdoms mod og fastan fot
     eg ut i verda vende;
til rikdom stod kje hugen hardt,
     men verte stor kann hende!
Min givnad var kje aller verst,
     min lærnad nokolunde;
eg vilde freiste rydje meg
     eit rom so godt eg kunde.

I mang ein veg med faafengt steg;
     til lukka blidt eg bela;
men utenkt mein mi vinning stødt
     or handa paa meg spela.
For fiends makt eg stundom fall
     og stundom venenn rømde;
den største vanferd fylgde paa
     naar vona venast blømde.

So trøytta ut og saar til slutt
     av faafengd lukkejaging
eg kasta av lik vas og vav
     min plan, og saag ei daging:
ei fyrrtid laak, ei framtid duld
     kor god ell vond veit ingen,
men eg er god fyr timen no
     og grip den fugl i svingen.

All vona rengd, all utsyn stengd
     og ingen ven som ver meg,
eg djupt-i sit med sveiteslit
     so skrale baaten ber meg.
Aa pløgje, saa og hauste, slaa
     av far eg tidleg lærde;
d'er lett for mann med arbeid van,
     han sa, aa klive gjerde.

Alt livet gjenom, ukjend, fatig
     er eg dømd aa gange
til mine trøytte bein eg legg
     i svevn den ævelange.
So stengt og kaldt, bert røme undan
     liding er eg lagen;
eg slit kvar dag som best eg kann,
     skriv blankt for morgondagen.

Men endaa blid eg sullar i
     og konge glad meg syner;
um lagnadsdisa slær med ris
     og hatigt mot meg fryner:
so sant for dø', eg slit til brød,
     men d'er òg alt eg maktar;
men naar mitt starv gjev mat til tarv
     eg henne lite aktar.

Og naar ein dag med arbeidsgnag
     ein skilling stoggar hjaa meg,
daa rart nok lel det alltid fell
     ei usedd vanferd paa merg. [sic]
Lat vanferd, mistak og min eigne
     godvildsdaarskap slaa meg,
kom alt som vil, eg svor meg til
     aa slaa alt tungsinn fraa meg.

Og de som spring lik vonde ting,
     vil makt og rikdom vinne,
 di meir de gjer fyr sæle der
     di minder kann de finne.
 Hav hand i all Potosi's skatt
     og tusund hjarto stel deg -
 ein bonde, hjarteærleg, kvik,
     i staden din eg vel meg.
 

Frå Dikt av Robert Burns, Umsette fraa engelsk av Olav Nygard, Oslo: Det Norske
Samlaget 1923, side 33-36. Elektonisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.