Gamal tid

(Omsetjing, 1923)

Av Robert Burns, omsett av Olav Nygard

Skal gamal kjennskap vere gløymd
og aldri vakne i?
Skal gamal kjennskap vere gløymd
og gamal tid?

Umkvede: Fyr gamal tid, kjær ven,
fyr gamal tid,
me tømer venskapsstaupet enn
fyr gamal tid.

Det vert so visst di største krus,
og visst so vert det mi!
me tømer venskapsstaupet enn
fyr gamal tid.

Me tvo hev sprunge hall og haug
og finblom fann me i;
men mang ein trøyttsam gong me gjekk
sid' gamal tid.

Me tvo hev vassa bekken rundt
so mang ein soldag blid;
men storhav rulla millom oss
sid' gamal tid.

Og der er handa, gode ven,
og gjev meg handa di!
Og me tek rett ein godvildsdrykk
fyr gamal tid.


Frå Dikt av Robert Burns. Umsette fraa engelsk av Olav Nygard. Oslo: Det Norske Samlaget 1923. Side 51. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad