Farvel til Ballochmyle

(Omsetjing, 1923)

Av Robert Burns, omsett av Olav Nygard

No gulnar Catrine-skogen av,
d'er blomedaude yver vang,
d'er stillt som kring ei gamall grav,
og augo sjuknar i sitt sprang.
I folna lund Maria syng,
ho sjølv er vaaren høg og heil;
og dvergmaal glym i skog og ryng
farvel, farvel til Ballochmyle.

Den blom som ligg i vinterseng
vil bløme fram att frisk og fin,
og fuglann smaa fær song i streng
um no dei tagalt smyg seg inn.
Men her, aa nei! skal aldri meir
meg fuglesongen helse heil.
Far vel du Ayr-grend, fagre reir,
farvel, farvel kjær Ballochmyle.


Frå Dikt av Robert Burns. Umsette fraa engelsk av Olav Nygard. Oslo: Det Norske Samlaget 1923. Side 9. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad