Eg trøyter dei dimsvale dagar

(Dikt, 1923)

Av Olav Nygard

 
Eg trøyter dei dimsvale dagar
med tanken sit sårhendt og ror
til solhulde hangande hagar
der smil liksom vårblomar gror.

 

I linnstillte lengslur eg smiler;
ein blådæmd og svaneskir draum
sig søt gjenom hugen og kviler
i sus som ein idande straum.

 

Eg lengtar i blådæmde næter
og kjenner ein varm-ande slær
i mot meg i bivrande æter,
ei helsing som vaknar og fer.

 

Eg lengtar til hangande hagar
der staupe med nektaren gjeng
i kjærvene-lag, og dei dagar
sig kveldblidt i draumenatt-seng.

 

Forklaringar:
Solhulde: av hylja, sveipt av sol.
Idande: kvervlande, berusande.
Æter: eter, klar luft i dei øvre luftlaga.

  


Frå Ved vebande, 1923. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad