Eg fann kje hugnad

(Dikt, 1913)

Av Olav Nygard

 
Eg fann kje hugnad i mitt ferdafylgje,
og tida vart so beisk og orme lang
og lufta var so tung av kvardagsmylje
der nede på den gamle heimevang.
Eg vassa bekk og bægjall elvebylgje,
eg stunda til det høge blåfjellsfang.
Eg finn min gud i klåre stjennenæter
når allheimsgråten høgfjellsvangen væter.

  


Frå Flodmaal, 1913. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad