Døyande gallar

(Dikt, 1915)

Av Olav Nygard

 
Det brenn som eld i stungen barm
der livsens kjelde braut sitt bægje;
i eige blod han finn sitt lægje,
men held seg upp på spana arm.
I augo under sterke bruner
brenn endå livsens ofse-eld
og lyser upp idaudsens deld
på løynde livs og lagnads runer.

 

Men blode renn i bylgje-straum
or sine kvelvde brotne borgjer
lik djupe tjønn i høgfjells-horgjer
der grunnen brest og løyser flaum.
Hans hovud sig, og augo starar
i dulde tåke-heimar inn
med spursmål, og på munn og kinn
glid fram eit solfalls-drag som svarar.

 

Ein skugge av ein spotte-smil
med helferds-mod og trass seg blandar,
d'er livsens rike son som vandar
å dylje seg fyr daudsens pil.
Hans hovud sig, men armen ranar
hans siste kraft og held seg rak;
i bringa gjeng eit bivre-tak;
men smilen sit; og bive svanar.

 

Forklaringar:
Døyande gallar: Antikk romersk skulptur som framstiller ein gallisk soldat som er i ferd med å døy av såra sine. Gipskopi av statuen finst i Nasjonalgalleriet.
Bægje: hindring.
Deld: liten dal.
Høgfjells-horgjer: fjell, nut.
Vandar: vrakar, avslår.
Biv: bivring, skjelving.
Svanar: svinn, blir borte; lindrast, stilnast.

 


Frå Kvæde, 1915. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad