Faust I

(Dikt, 1993, utdrag)

Tileigning
 
Nå ser eg atter som ein draum i draumen den sverm mitt dimme auga skoda før.
Men vil det lykkast meg å stogge straumen og famne dykk? Mitt ville hjarta spør!
Med velde stig de fram av skoddeflaumen, de sviv omkring og gjer meg nesten ør.
Eit pust av ungdom følgjer denne dansen, det rører meg, eg skjelv i trylleglansen.
 
Bilete ber de med frå farne dagar,
og kjære skuggar gjer meg atter glad.
Den første elsk, det første vennskap ragar
i minnet lik eit halvgløymt, gammalt kvad.
Men smerten melder seg på ny og klagar: Har livsens labyrint ført nokon stad?
Med sorg eg minnest edel mann og kvinne som såg si levetid og lykke svinne.
 
Så mange høyrer ikkje lenger songen,
om før dei kunne lyde dagen lang.
Dei trugne sjeler følgde utferdstrongen,
og fjern er nå den første atterklang.
Eg syng for ukjent øyra denne gongen,
men straks dei fagnar meg, står eg på sprang.
Og dei som steig med meg til sæle tindar,
er, om dei lever, spreidd for alle vindar.
 
Og dette høge, stille ånderike
har vekt til live all min fordums lengt.
Nå susar songar, eolsharpe-like,
i mjuke tonar ingen ville tenkt.
Alt strengt og hardt i hugen min må vike,
ein gråt vell opp av djup eg hadde stengt.
Det nære rykker bort og går til grunne,
min eine, sanne røyndom er det svunne.
 
 
____________________________________________________________________________________________
 
Frå Åse-Marie Nesse, gjendikting av Johann Wolfgang von Goethe: Faust I. Samlaget 1993. Side 9-10.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
____________________________________________________________________________________________