3. Etterskrift

So drog eg ap i Sætesdalen. Der vilde eg finne kvild o ro. Der va de greileik i folk, o der vilde hugen få nytt mot o suge livsens friskleik o søte av stev o mål.

O eg sulla med jentune o fekk lokke dei kløkkaste stev fram or jartegrunnen.

O eg vart so go i dalamåle at då vallebyggen kom springande ut på vegen vilde høyre meg ut kosta kar eg va o eg sae eg va frå aust i dalom, då va de ein gamal mann som sae:

- Du talar alli satt. Mi kunne høyre de på deg at du e her frå dalé. Du hev vori burte, du hev vori i Amerika nokre år. No skå du saj' okkon kven du e.

Aldri hev eg vori so byrg. - So vilde eg halde bibellesning o tala so gott eg kunne. Eg lae ut om salmar o stev o fann at de va den same grunn i dei baae.

            »Eg sit'e som eg va jartekåt'e
            innafor jarta e fullt av gråt'e.
            Han kan ver' kåt om han ber ei sut,
            innafor jarta fær ingen spurt.

            For kver som jeng o som ri o køyrer
            ingen kan knuten for bringun løyse.
            De fins kje nokon i dette liv
            som kan løyse knuten for bringun mi«.

Men då va de ein mann som sae:

- Lat okkon få i eit reip, mi vilje binde han o føre han ut.

                            * * *

Sea vilde eg freiste jentelukka:

            Lat koma alle frå fjell o dalar
            lat koma alle som bymål tala.
            Dei vart kje gådde der du kom in,
            ein ser kje stjernun når soli sjin,

song eg.

Men ho svara bare:

            D'e fåfengt øye sit konn på gagli,
            ho vil kje sitje på dinom vagli.
            D'e fåfengt øye din ros på meg,
            de monar ikje, de sej' eg deg.

Då tok eg beinast ut o av på ville heia, tvert over alle telebygdar.

Men for kvar bygd eg soleis skar over høyrde eg liksom eit vek av »Råmund unge«. Ja sjølve verse vart borte, bare etterslengane ljoma for øyro:

            De e no fulla eg,
            sa han unge Råmund.

            Eg ska deg fulla møte,
            sa han unge Råmund.

            No slo eg hosta hardt,
            sa han unge Råmund.

På slutten vart de bare siste lina som eg plent kunne sjile. O då eg va komen so høgt o langt at eg såg alle telemorksbygdane sprikje ut lik fingrar på ei hand då tykte eg de surra ein ljo som frå hundra kubjøllur:

            Seie sa han
            Seie sa han
            Seie sa han
                        Sa han
                        Sa han. 

                           * * *

So tok eg austover alle heiar o stana ikje før eg kom til Hallingdal. Her va de ikje fingerleiken bare som hjå telane, de laut eg sanne straks. Bare Hemsedal sting seg fram som ein tomarstott. Her tyktes de vera kraft som kunne samle seg til trauste handtak; om de bare va nevaslag i bord so digre plankar klomna o svarpar som kunne varme kringom øyra, so va de då gutar her endå som kunne slå »hosta hardt« i sanning.

Kjempekarar va dei einaste som vart vyrde. De fekk eg fulla røyne, eg kom ranglande ned frå heia som ein liten umage, trøyt o sliten so eg mest ikje hekk ihop o spurde om der va noko mat å få.

Kjeringa gloste på meg o jorde si verdsetjing av ko kar eg va. O då tykte ho vel umageleiken låg utapå meg.

- Der hev du mat - sae ho o fann ein kurvebite o stakk bort i handa på meg.

Eg vart standande reint fortustra o viste ikje koss eg skulde tye dette.

- Hev De ikje lite mjølk å la meg få då, spurde eg til sist.

- Gak borti grannegarden, der tenkjer eg du fær deg ein mjølkeskvet - sa kjeringa. 

Nei her e de ikje verande stelle for meg stakars knott tenkte eg o lae i vegen att, over fjell o fynne, o stansa ikje før eg kom heim til mine eigne bygdar.

Der jekk eg in på ei sæter, va tenkt å få kvile meg retteleg gott ut.

- Kor e den karen ifrå då - spurde kjeringa.

- Kjenner du ikje meg då - sae eg, eg e då her frå bygda eg. 

Men då tok ho i o forplikta seg på de at slik ljugar o strætarfant vilde ikje ho veta av. 

- De kan ein då både høyre på målføre o sjå på klæa de at du ikje e nokon bygdekar. O de va bare sovitt eg fekk ein mjølkeskvet av ho.

Då tok ut o foor beinast heim til ho mor. Ja de va då sovitt at ho fekk kjensl på meg. 

O eg drog sjinnfelden over hovue. O heile den vinteren kom de ikje over min munn meir en ein einaste visestubb:

            »Eg tykkjer du e so liten
            - på Dalebu ting -
            til draga dit sverd or slire.
            - So mo'e jeres min gangar.

            Eg tykkjer du e so liten herdelut
            til hava dreji dit sverde ut.« 

            Liten han jenge båd' ut o in
            de felle so underleg tankar i sinn. 

            Liten han snuddes til veggi
            tala til birtings eggi:

            »Birting, birting, brande,
            å vil du med meg stande?«

            »Eg torer vel med deg stande,
            va eg ikje so veik i min tange.«

            »Tri pund jønn o tri pund stål
            de vil eg på din tangen slå.«

            Han legge på tangen sterk o go
            - på Dalebu ting -
            Han herde i drake o kjempeblo
            - So mo'e jeres min gangar.

                            * * *

Då eg va på eksisen somaren etter kjem Fyken bort åt meg.

Han kunne lettvint hava berga meg or al denne ugreia, leet han om, dersom eg bare hadde komi til han o be-i om jelp. O elles vilde han fortelje meg at han heretter vilde jera de han ikje hadde jort før: halde meg for ein agtande kar. Vilkåre va einaste dette vesle at eg skulde slutte å skrive i blaom med eg va på moen.

- Kan hende de bli ikje noko å skrive om hell iår, meinte eg. 

O de vart de ikje hell. Løytnant N. va der ikje meir. O heile stelle va mest ikje til å kjenne att.
 
Del 1: Spenntake  Del 2: Leiken stilnar

Red.merk.: I boka er det fotnotar. Her er notane plasserte etter avsnitta som dei viser til.
 

Tredje del av "Unggutleik", i Ivar Mortenson: Svall 1879-1898, Kristiania:
Bokreidar Bertrand Jensen 1898. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.