2. Leiken stillnar

II. Leiken stillnar

Eg va ikje åleine; de vart med tvo skulemeistrar. Dei tykte at ein va for lite å taka; sea dei no skulde fara med de likevel va vel tri de minste dei kunne hava. O de va heller ikje reint på slumpen dei valde. For de fyste tok dei meg som va brevskrivar, som nummer tvo tok dei den som hadde flitt løytnanten breve, o triemann vart han som frå fyst av hadde tenkt å jera dette men seinare hadde bo-i de av. Hev du tenkt på å jera ein ting e de jamgott med at du hev jort de, meinte dei.

Alle tri vart me sende beinaste vegen til Kristiansand o me hadde gott opsyn o stell på heile reisa. Den ti me kom fram til byen slapp me nok å leite etter husvist, for de va tinga i fyrevegen ska eg tru, o heller ikje va de vondt å finne fram i byen, for de jekk under komando: fremad marsj, høire om, venstre om, holdt! O då me va frame på festninga fekk me kvart vårt rom med læste dørar o jønnstengde glas, o den trøysta gav han meg mannen som vrei om nykkjelen at de sjelda eller aldri hendte at nokon som hadde vorti stelt for krigsretten vart frikjend.

                             * * *

De jekk meir o meir op for meg at eg ikje drøymde, men at eg verkeleg va fange o de ein fange som måtte o skulde bli dømd, til åtvaring o støkk for alle sjølvstyrne sellar.

Eg kjende meg som fallen i hendane på røvarar som ikje vyrder noko av de som andre held høgt o heilagt. Eg sjyna de vilde vera fåfengt å freiste verje seg. De vilde bare jeva dei høve til å vise sine juridiske kunstgrep, o lov o rett va noko eg ikje hadde de minste greie på.

Hadde eg endå visst ko gale eg hadde jort, ko de i røynda va dei saka meg for! Men ko kunne de nytte å verje seg når eg ikje visste ko eg skulde verje meg imot?

Eg meinte at dømd bli eg ko eg so fører fram, kan hende dei sjyt meg med ein gong. Men eg vilde i alle fall seie eit ord til domarane mine som dei kunne jøyme til sine gamle dagar. 

Eg tok til å kjenne meg som ein martyr som ved si liding vil vera apostel for dei ville folk han e komen frami. Freiste å koma dei in på live, heilt in åt jartedøra.

Lat meg ikje krevje nokon ting, ikje for­svare meg, bare jeva meg over viljelaust. Lat meg bare medjeva at eg kan hende hev forbroti meg mot de som røvarreglar o røvarmoral kallar orden. Elles vil eg eggje dei op endå meir, so dei kansje kastar seg over meg, spikrar meg til veggen, spanar mine lemir med blylod, slit meg sund le for le eller let meg liggje o levande rotne i svarte hol jupt under jorda, seier dei hev skoti meg, med eg ligg o talmas mange forferdelege år. O alle pinslegreiur frå forne ti-ir sveiv meg jenom hugen. Kven veit ko slike mennesje kan finne på når dei e retteleg opøste?

Eg freista skrive op eitkvart til støning for talen som eg vilde jera, skreiv laust o fast, men hovue va ørt, eg fekk de aldri til som eg vilde.

Tankane for att o fram, jorde meg nervøs o sjuk. De kom over meg noko so mjukt o bljugtenkt: aldri rose men heller avskrøyve o småminke seg sjølv. Men de sat i meg at bakom alle desse mjuke buskur vil då reise seg som eit agande fjell i bakgrunnen min eigen mannavyrdna, o al mi skuldløyse, o sjemme til gagns desse arme forherda syndarar som skulde døme meg. Eg kom til å samle gloende kol på hovue deira. Dei vilde sjyne at eg liksom høyrde til ei høgre verd, at eg med mit syn på live sto heilt utafor vanlege reglar o lovar, so desse slet ikje galt for meg o difor ikje va brukande imot meg. De va dette som eg måtte slå fast so greit som mogeleg. Dersom eg hadde teki til med forsvar på vanleg måte vilde eg have stegi ut or mine eigne heimar o komi ned i ringar som va meg framande. Men korleis so domen vilde falle kom de no til å bli sitjande att den kjensla hjå domarane at dette va nok ein som ikje let seg måle med vanlege mål.

De va likevel rålaust å samle tankane so eg kunne få fram de eg tenkte. Eg hadde bare ein fyremiddag å jera på, o den fyste parten av talen min gav meg so mykje hovubrot at eg rokk ikje meir. O dette vart heller ikje slikt, at eg kunne leggje de fram. Eg hadde ikje fengi de til som eg vilde; somt av de eg hadde skrevi va meining i o somt ikje. Nei tenkte eg då, eg fær bare seie de som eg hadde tenkt å skrive.

                            * * *

Dei fylgde meg in i ein sal der de sat 10-12 morske mennar. Ein av dei spurde om eg hadde noko å seie til verjing. Eg tok fram papire o vilde til med talen min. Men straks dei såg dette vilde dei hava papire o tok til å lesa op. Eg vrei meg som ein orm, de va ikje alt som høvde seg til oplesning o de va ord som dei hadde vondt om å tye, so eg bau meg til å lesa. Fekk eg fyst papire i mi eiga magt kunne eg leggje til o taka frå som de fall seg. Men de va rålaust, dei vilde ikje sleppe fengda ifrå seg. Dei stavra o hakka de sund o eg fekk ikje orde meir.

Eg laut ut av salen med dei samrådde seg. Om eit korter ropa dei meg in att. De svimra for augo o eg skalv i knea. Liv eller daue, fri­kjenning eller årelangt fengsl?

Då las dei op domen: 

25 dagar einsamt fengsl!

Fem o tjuge dagar, korkje meir eller mindre! De seig som ei slapping over meg, dette hadde eg ikje venta. Eg meinte at dersom dei ikje kjende meg reint fri måtte dei halde meg for so stor ein brotsmann at dei snaut kunne finne straff streng nok. Men dette va bare som ei svarping til ein ubyen skulegut. Eg fekk høyre sea at de va nok dei som vilde vera hardare. Men krigsretten fann han måtte stelle seg klokt o taka de med lempe. For de hadde vorti brest uti brake, avisune hadde stemt op o sleji på tromma for meg. O so meinte dei at de va fårlegt å eggje folkedomen for mykje. Men slepte dei meg reint laus vilde de og vera leit for dei som hadde sett meg fast, folk vilde tru at dei let seg skræme av folke­snakk o so tenkte dei som Pilatus: Me jev han ei avreidsle o slepper han.

Dei tvo skulemeistrane fekk bare 10 dagar kvar.

                             * * *

Eg laut tøme alle lommur o so førte dei meg jenom tvo læste dørar in i ein lang trang gang o derifrå jenom tvo dørar (den eine va klædd med vadmål på de ingen ljo skulde nå fram) in i eit lite kjellarlikt rom. Her skulde eg bu.

Eit lite jønnstengt vindauge med tjukt glas som ein glugg høgt oppå veggen. De va halvmyrkt so de ikje tyktes vera gott å lesa før ein vandes ved de. - Løytnanten tok no til å endefara klæa mine plagg for plagg o kjende etter om eg hadde løynt noko på kroppen, jamvel inni skone laut han kjenne. Bukseselane tok han. Kvifor måtte eg ikje hava dei då? - Jau eg kunne hengje meg i dei. -

De va ikje stor bunaen, ikje so mykje som eit bord, ein stol va de einaste. Jau frammed veggen sto de som ei mjølkiste som eg undra meg fælt på, ho va læst jamvel. Om kvelden kom vaktmannen med nykkjel o slo op loke, de va senga mi skulde vera. Tileg om morgoen kom han vakte meg o læste att. Loke sto so på skrå at ein ikje kunne leggje seg oppå der ein gong, o golve va so ufyse o rått at der kunne ein ikje få kvile hell.

Stilt va de som i ei grav. De va einaste om sundagen, då jekk brigademusikken på gata tett utafor veggen, men muren va so tjukk at eg endå bare høyrde som ein munnharpelåt langt bortom alle haugar.

Sola kom aldri in. Men når de va opljost ver kunne eg høgst dags leite merke ein ljoske under take som eit bleikt stjernesjin.

De einaste eg hadde til å trøyte tia va å andøve med stolen o so drive »fristandande gymnastik«. Marsjar tok eg rett som de va dei fåe stega att o fram i rome, o kjende meg fri som eit villt dyr i bure sit. Gud sje lov eg va då ikje lekkjebunden anten på hand eller fot. På veggen va de ripla nokre løynde in­skriftir: »Her sit eg for Jesu skuld fordi eg ikje vil gå i djevelens tenest o lære å bli ein dråpsmann,« hadde ein kvækar skrevi. Men eg hadde ikje noko til å skrive namne mit med eingong.

Tri gongar om dag hadde eg elles fest, for då kom de mat in jenom ein glugg i døra. Fin mat va de ikje, men ein laut vera nøgd med de ein fekk o aldri veit eg at mat hev smaka so gott.

Korkje bøkar eller skrivesakir fekk eg hava. Men sundagane då va de høgti for då fekk eg ei bok saman med morgomaten min, ei heil gamal salmebok som eg måtte hava heile dagen. 

Elles so fekk eg jildare bok når de lei på. Eg vart som ovadotten ein dag eg høyrde de rasla i låsane, o før eg visste orde av sto generalen sjølv på golve. Han spurde etter koss eg hadde de o va fælt fin. Bispen hadde vori til han o be-i om løyve til å helse på meg, men generalen tykte nok at ein sovoren mann va altfor »sivil«*) til å sleppe in åt slik fårleg kar som eg o tok difor på seg sjølv å bera fram helsinga. - Men sundagen etter fekk eg sent in til meg ei stor jild preikebok i gullband frå generalens eiga bokhylle, o kvar sundag sea kom ho att.

*) Bispen hadde eingong på preikestolen ikje hugsa på å bea for »krigsmagten til lands og til vands«. Dette kunne generalen aldri gløyme.

                            * * *

Då eg på vyrkedagane korkje fekk lesa hell skrive o heller ikke fekk ambo eller emne av noko slag, sjyna eg at meininga va den at de va ikje anna emne eg skulde handsame en dette: bruke tankane o freiste få klårskap i de som før tyktes vera ugreit.

Her va slik ro o stille som va so hugsvalande etter al eksis-ståken. Ein kunne so gott få samle seg her.

O de som no aller fyst jekk op for meg de va at stakarsdomen e større en nokon skulde tru. Vera byrg o stor i ord o kytur, men fyst »frånarormen« tek til å lea på seg då »follnar fysna o store ord«. - Eg tykte at eg sjølv ikje hadde vori stort likare. Eg hadde i røynda bori meg åt som ein styving o eit vesalmenne. Tenk fara med skripelæte o hovsemd o mannamilde, der dei ikje sjynar anna en klo mot klo!

            »Hot skå me kappen Galidr kalle
            han kan ikje beite brande? *)
            Me vil taka av han sjiringsnamne
            o kalle 'n slotten i lande.«

*) = få sverde til å bite.

O va de noko som va skralt o skrypt før so vart de visst ikje likare i hærmannskulen, som ikje røyndes meg nokon go ungdomskule nettop. Tenlegt va de vel å møykje armar o bein til å få daukjøte ut or kroppen. Men elles måtte eg seie at den »militære tanken« va ikje anna en eit kallegt manntyne. Eg tykte at hærlive vårt med sin tvang for alle o statsvelde o kongeleg komando va de verste mein for al folkeseding. De va ein dam med grumse vatn, full av frosk o øle. Ovmod o smeikjing, dugløyse, trælehug, ovund, svik, list o sløgd, drykk o ukjurskap, lete o fåfengd, fåkunne, fridomshat o bakstræv. Alt som va låkt o vesalt i os fekk næring, o de goe vart kjøvt. De va ein møkkurkalv, kroppen va av leir o i bringa hadde han eit sjelvande marajarta.

Denne utpynta gullkavlen va de som sto som støe bakom alt de gamle stelle: kongemagt, lovar, pengemagt o stat. Han va de som vart sent iveg mot folke når de va den minste rørsla anten millom arbeiarar eller i politikken. 

Nei lat os få bort al militærtvang, o me vil få ein fri hærsjipna som i staen for å vera til mein vil elske fram alt som e stort o gott o fritt o fagert. Folkeoplysning, nasjonal ære o kvarmans ære, manndom o mot, flogvet, autoritet o lydna, personlegt ansvar, personleg kraft, heil vokstr på krop o sjæl, heil vokstr for einmenne o for folke.

Løys heile hærstelle frå staten o lat de lage seg fritt.

Då vart de anna slag spelrom for al einmennings kraft o dugleik. Individualiteten kunne fritt magne seg frå øvst til nedst. Me vart kvitt desse embætsfolk som jeng etter fyreskriftir på eit papir, me fekk fram att hovdin­gar som i gamle ti-ir. Me trong alle nokon å sjå op til, men dei kongelege autoritetar hev alt longa mist vyrdnaen sin. Me måtte ha frie autoritetar, slike som folk samla seg kringom av seg sjølve. Va de ein offiser som lae litevetta govilje til va de ingen som hadde so lett for å vinne kjærleik av mangmannen som han. De same om han e både fåmælt o streng, når gutane merkar ein liten gohug på jartebotnen bli dei viljuge til å jera alt for ein slik ein. Men den minste falskheit bli snøgt gauma av dei hundra vakne augo.

Ingen skulde bli hærsvein uta han melde seg sjølv o han kunne då heller ikje bli tvungen til å lye andre ordensreglar en dei som han fritt hadde skrevi under. Dersom han då forbraut seg va de sin eigen lovna han braut, o han fekk ei stor skam, imot no, då de ofte bare va jildt å tråsse påtvungne reglar. Då fyst kunne de vera tale om å halde fullstreng disiplin, noko som de no va so smått med i hæren vår at ein laut fæle for koss de vilde gå i ein krig.

No va der bare mistanke o mistru al staen millom hærfolk o hærstyrar. Då vilde alt vera bygt på full tillit, o ærekjensla o fedralands­hugen o fridomselsken vilde vera dei drivande kreftir hjå alle.

Inkje e so ille at de ikje e gott for noko. No hadde eg då fengi ro til å tenkje over røynslune mine frå hærmannslive so eg fekk de greit for meg sjølv både ko som va beigen o baten o botrå-a. For dette va eg domarane mine bare takk skuldig.

                            * * *

På lengda kan de bli for mykje av fred o ro o goe dagar med.

De va elles ikje mange dagar at tankane fekk svive i hausen. Dei la seg til å sova den eine etter den andre. Ein vart etter kvart so dau o likesæl at ein sansa ingen ting. I time­vis kunlle eg bli standande frammed ein vegg o stire beint framfor meg o om natta va de bare krigsrettar o byrseskot etter meg i eininga. 

Dag etter dag sleit seg fram, o eg døyde etter kvart bort frå al ting, frå von o minne, frå tankar o kjenslur. Kvar dag skrei som i ein døs. Når vaktmannen spurde koss eg hadde de iddes eg snaut svara, eg ynskte han bare ut att.

Ei mus som kom op jenom golve va meg i fystninga til hugna. Men sea vart eg so kveppen at eg skvatt høgt op naar eg høyrde ho o når ho sat hoggande still o stirde på meg kunne eg bli mest som vetstøkt, de sveiv for meg at de jenne va ein spæjar generalen hadde sent ut til å njosne etter tankane mine. O kven veit, kansje ei slik mus kunne vera vitne gott nok for ein krigsrett til å få meg dømd på nytt.

Endeleg langt om lenge kom dagen då eg skulde sleppe ut att. Vaktmannen vara meg at eg laut sjå meg vel fyre når eg kom ut. Eg meinte de hadde inga nau o steig raskt jenom fire opne dørar.

Men med de same eg kom fram i lufta o dagsljose strøymde imot meg svimra eg som om eg hadde fengi eit slag over augo. At lufta va so sterk o dagsljose so bjart de hadde eg aldri tenkt meg. Eg laut gange o støe meg frammed ein sjigard o blingse med augom lenge før eg våga meg på fri fot.

Då kom de bo frå generalen at han vilde helse på meg. Ja so steig eg in i kantore åt han o me va fælt so fine venir.

Her var bo frå bispen, sa han, om eg vilde koma dit o eta middag.

Eg takka o sae eg fekk vel de.

Ja men eg va vel ikje kjend i byen eg so eg kunne finne fram. Eg skulde jenne få fylje over fjorden, ein kunne ro der. 

Jau takk meinte eg, vegtam hev eg vori al tia so eg finn nok fram den stubben.

Ja men de va beinare og om eg rodde.

Elles mange takk hr. general sae eg. Men som generalen veit hev eg haldi meg svert roleg i den sidste tia, so eg tenkte de skulde vera gott å få lea litt på seg o røyve føtane og.

Ja men no e de ein offiser som ligg ned med stranda med båt ferdig, han skulde nettop same vegen, o no hev han alt venta ein halv time. 

Ja eg tykte synd på han som skulde vente o so vart eg med til båten o rodde over vika. 

Og no tenkte eg at eg skulde vera fri kar. Men nei. Ein sersjant o tvo mann fylgde i hælane på meg o sae dei vilde vera med meg på posthuse o sjå om der va noko pengebrev åt meg. For dei hadde ei lita rekning som eg laut betale straks. Fekk eg ikje pengar laut eg fylje med dei attende o taka kronarbei på festninga til eg hadde arbeit de op.

De va ei hotelrekning:

5 dagar vanleg soldatkost*) à kr. 0.80 = kr. 4.00
25    -    fangekost**)           Ã    -  1.00 =  - 25.00
                                                               kr. 29.00

*) go mat.
 **) klen mat.

O eg som før ialfall hadde havt den hugnaen at eg då ogso ein gong fekk leva fritt på statens kostna, eg skulde og misse den trøysta.

Lykka va at de låg pengebrev på posthuse, sersjanten fekk rekninga betalt o då fyst va eg fri. 

Sea fekk eg greie på kvifor generalen endeleg vilde hava meg til å fara sjøvegen.
 
 
Red. Merk: I boka er det fotnotar. Her er notane plasserte etter avsnitta som dei viser til.
 

Andre del av artikkelen "Unggutleik", i Ivar Mortenson: Svall 1879-1898, Kristiania:
Bokreidar Bertrand Jensen 1898. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.