1. Spenntake

Av Ivar Mortenson

Eg hadde sett meg i hovue at eg vilde eksere ved Telemorksbataljonen. Eg va ikje huga til å slengje ilag med kutorgs-gutane frå Kristiania der eg va inskreven. På Gråtemoen turfte ikje tia vera bortkasta; der va de gott mål å høyre, o der va dei sprækaste gutane.

Men Kristiania va ikje huga på å sleppe meg. Eg skreiv hit o eg skreiv dit, men nei va de alle stair. Eg vilde ikje jeva meg, de eg hadde sett meg fyre skulde fram. Til slutt va de ikje nokon annan att å spyrje en kongen sjølv. Men eg leet meg ikje forsøme, skreiv beinast til kongen, o han va ein snild mann, ba dei løyse meg ut or Kristiania o skrive meg in i Telemorksbataljonen.

De va ikje lenge før eg fekk brev frå ein som kalla seg O. V. Fyken, at eg hadde å møte på Gråtemoen ein dag uti mai.

- Eg ska fulla møte - skreiv eg til svar, o utapå breve sette eg: O. V. Fyken, Militær­gata nr. 103, slik som de sto i breve hans. Anten du no e korporal eller general tenkte eg de veit du vel sjølv; men sea du ikje nemner noko om de e de vel ikje meininga at eg ska veta de hell.

På dagen møtte eg fram. O der va Fyken au. Då fekk eg veta at han va kaptein.

- Overflyttet mandskab fra Kristiania bataljon nr. 2114 - ropa han. Fram steig eg med blå sylvknappa trøye o gul sjinn-knebrok. Då va de ikje bare go-augom han gløste på meg. 

- Veit du ikje ko kar eg e - sae han.

- Jau, kaptein O. V. Fyken - svara eg.

- Kvifor skreiv du ikje so på breve då?

- Hadde eg meir visst, hadde eg fulla meir skrevi hr. kaptein - sa eg.

Då tok han i å leet på de at han skulde nok vera kar til å lære meg folkesjikk han. 

Eg svara ikje eg. Men eg meinte på de, at e du av dei karom at du vil antras, so e de vel dei og som ikje e ræd deg.

                              * * *

So laut eg hive kvart eit klæeplagg, dei vilde sjå om eg va uta flekk o lyte. Byrg va eg, då dei ikje fann de minste å laste på kroppen min, ja alt til dei kom åt fotblae. No hev eg nokre kular under stortæne avdi eg hev havt for stutte skor. E den eine foten styg, so e den andre bare mykje verre, o stortåa kan rise ende til vers so de tykkjes rålaust å få sko på. Når dei kom til denne tåa, ropa dei ende over seg o sae at eg va umogeleg, slik styggedom vilde dei ikje hava på moen. Men so va de ein som kom til å spyrje om ho hadde vori slik lenge tåa. - Nei før va ho slik, sae eg o rette ho ut. Ho vart mykje likare då veit du, men endå tykte dei at de va hosta druge ballar inunder.

- Kan du holde ut å gå noe videre du da? spurde dei.

Eg sjyna at hadde eg svara nei då hadde dei slept meg med de same, de va som dei bare leita etter påskot til å bli fri meg. Men eg meinte at de ska me nappas om.

- Å nei, frak karen e eg ikje til å gå, svara eg. Eg hev nok freista å øve meg litevetta kvar somar, men når eg hev jengi ei hundra mil e de ikje fritt for anna en at eg tek til å kjenne ein liten svie som om eg skulde byrje bli sårføtt.

Då dei høyrde dette tykte dei at de ikje jekk for skam skuld å sleppe meg. Men so hadde eg med de same og jort meg mistenkt som ein fårleg kar, sea eg va so trå på å vera der.

                             * * *

De va nettop åre 1880, då de kallege spenntake sto i politikken. Fjorde gongen hadde stortinge sagt at riksrådane skulde sleppe in i tinge, o den 29de mai hadde kongen svara at de vilde han aldri gå med på, for han hadde absolut veto o jorde som han sjølv vilde. Men då manna stortinge seg op, o den 9de juni sae de so hugheilt eit ord som aldri va sagt etter 1814.

De bli som me hev sagt. For de e me som rår i Norig!

O folke kanna husbondsretten sin att.

Men på den andre sia va de sparketak. »Alle nissar og tomtegubbar hadde samla seg. Det galdt for dei aa verja den siste positionen. Bakstrævar- og unorskdomspolitikken hadde køyrt seg sjølv so ut paa den ytste odden, at no galdt det livet. Rædde og uglade stod dei der, graae og gruve under skraslande papirfanur og fikta med §§'ar og fortolkningskunster, so govet stod; paa vaar sida var eldhug, mod, tru, magt; tomtegubbarne aatte berre tvil, »betænke­ligheder« og vanhug.«*)

*) Garborg i Fedrah. nr. 24, 1880.

De vart ei øsing som spreidde seg ut til alle kantar, statskuptanken tok til å leike dei store i hugen, dei gav som påskot at folke vilde jera opreist o tok til å kalle militære in til Kristiania. De store brennande spursmåle for dei va, om hæren va å lite på. Alsta vakte de vonde samvete o jætte etter noko å slå kloa i. Hj. Løberg, M. Hægstad o N. Sørensen vart saka for majestætsbrot, og alvisst på eksismoane va alle augo vakne.

O de kunne sjå ut spelegt nok. Hæren va bygt på eit unasjonalt grunnlag, some offiserar sa ende ut at ein måtte gå laus på stortinge, o manskape va trælka so ein ikje visste korleis dei vilde stelle seg om de kom i ota. Soldaten bli som synkvervd når han ser desse glimande klæa o al den drustelege bunaen o so desse keike strame karane med sverd o belte o framandmans mål o framandmans åtferd; han trur snøgt at dei e kje folk men flogdrakar som bare vil plåge o hardstyre. Ungguten fær ein rædhug i seg o trur at de må vera ein sjølvsagt ting at offiseren e eit troll o fer åt som han vil. Han kjem ikje til å tenkje på at de både e fengsl o embætstap for den som »forhåner nogen underordnet eller færnærmer ham med beskjæmmende udtalelser eller adferd.«

De som galt va å få reise eit nasjonalt andsvar hjå soldatane, so dei kunne kjenne seg som frie mennar o fedralandsverjarar, o so offiserane fekk merke at dei ikje lenger kunne fara fram o bruke soldatane som dei vilde.

                             * * *

Ingen sta kunne ein tru de vilde gå lettare å samle seg om nasjonale hugmål en millom telegutane på Gråtemoen.

De va kapteinen vår, som gav slik go støning. Ikje soleis at han stræva for mykje med å bera fram slike tankar sjølv - va de likt seg - nei, men han va likevel den beste mannen me kunne ha. Va de nokon som ikje hadde tenkt på fridom o norskdom o folkehøgskule eller nokon ting sovore, han laut koma til å sanse seg her, når han ikje va reint ein styving då. For han va so hæv til å eggje op folk. O slik ein morosam måte han tok de på. 

Soleis den 9de juni då dei fekk bo om at folkesaka hadde vunni i tinge o talsmennane våre djerveleg hadde haldi fram vår rett o vår ære, då vart alle glae; dei jekk rundt moen, song o ropa hurra for Johan Sverdrup, o telegrame som tienda sto i slo dei op på ein vegg o ovafor de eit bilæte av Johan Sverdrup. »Lengje live Johan Sverdrup!« sto skreve ned under.

Andre dagen kjem Fyken drivande o fær sjå de, flaug so beint paa veggen, reiv bilæte ned, sleit de sund, kasta de i søyla o trampa på de. Men bilæte kom op att straks. Sverdrup va ikje so lett å tyne. Om kvelden då kapteinen kom att såg han bilæte på nytt, plukka de ned o tok bilæte med seg. Men morgoen etter sto Sverdrup på veggen att like blank. Kap­teinen kjem skriande, ser bilæte på veggen langt ifrå; so tek han seg augnemål o marserar med lange steg beint mot veggen, djerv o vill som ein Jakob von Tyboe, bilæte i fillur!

Men endå ein gong kom Sverdrup op att, o då va de jamvel tvo bilæte, de eine so høgt at ingen kan nå de. Kapteinen kjem fram mot veggen som han va olm o freistar skrapa bilæte ned med sabelen, men kan ikje nå de, so set han ein mann med ein stige til å taka de ned. 

O no i målvegen va de ikje likare. Eg tala landsmål eg om de so va sjølve kapteinen eg rødde med.

- Tal norsk gut! - sae han.

- Eg meiner eg talar norsk eg, hr. kaptein - svara eg.

- Jeg mener det sprog som du er oplært i! 

- Eg tenkjer eg e best oplærd i de måle som eg talar, hr. kaptein. - Han kom ikje lenger den vegen.

- Folkehøgskulen va like so ill i augo hans. Den som hadde vori på den, leet han om »kan ikke vente sig nogen forfremmelse.« 

I stort som i smått såg de ut til som den norske hærskulen ikje va anna en eit politisk drivhus til dyrkjing av bakstræv o ugrasplantar. De va liksom inkje noko gott kunne få vokstr. Om de og va gudsord o gudstenest skulde de bli sjemt o handvalka. Der stend ein offiser o bannar dei heitaste eiar so ein heiltop må grysje, o den same mannen komanderar soldatane til Guds ord o jev reglar for korleis ein ska føre seg med ein høyrer gudsorde o syng salmar, so ein stend heile tia med rædhug for å jera fyreskriftine hans imot. »Formering til mat«, »formering til bøn« o »formering til tropper« de jeng alt på same bråe militære måten. Ved denne »kristendom på komando« e de som alt av høg rang bli avskrøyvt sit sanne verd o alt jort til tenar for hærtanken at ein ska gløyme alt ikring seg o ordne alle sine hugmål in under dei militære taktslag.

De som eg sette mi lit til va kapteinen vår. Liksom elden røyner gulle, tenkte eg, so e ein slik mann go å hava her til å røyne tele­morkshugen om han stend seg for eld o stål. Dei rædde vil han jera til trælar. Gomeinande stille folk vil bli støe nasjonale stridsmennar, o dei kvasse o seige bli framstegsmennar o rotrivarar.

                              * * *

I fystninga jekk de og framover i denne leia.

Men so kom gamlekarane: veltande over os som ei fjellskrie, dobbelt so mange som me va før på moen. Dei kom med friske kreftir, villskap o moro va de einaste dei tenkte på. De va som når buskapen kjem ned frå fjelle om hausten o råkar saman med dei tame heimkyne. De bli ei byljing o buring i fjøse so de ikje e høyrande mannamål. Slik vart de og utetter kvelden i alle brakkur, der de før hadde vori so stilt o fredelegt. Du kunne tru at du va komen ini sjølve Noas ark, for alle slag mål frå dyr og fuglar høyrde du langt utover natta, so de va ikje snøgt du kunne tenkje på få sova. Some kakla som hønur, andre tok til å gala, her belja de uksar o rauta de kyr o kneggja de ville hestar. O stundom leet de som de va ein styggstor sauehop, alt ifrå lamsungen o til storvedden, alle bruka sit mål; o jeitar mekra, hundar bellte o kattar fræste. Stilna de av på ein kant va de ikje lenge før de tok til att på ein annan. Heile brakka ljoma stundom som av eit einaste ulvetot. O vart de sopas lytt at ein kunne høyre mannamål so bar de iveg med visur o svall av verste slag so du kunne tykkje du måtte sige i jorda av skam.

                           * * *

Di lenger ein sviv i tunn på ein eksismo di mindre tankar o hugmål bli de i ein. Ein e snart like grå innatil som utapå. De bli so stilt bortijenom alle rekkjune, kvar mann jeng bare for seg sjølv o ser ende ned i dufta. Ingen talar o ingen svarar viare anna »faen«. Folk e sure o vonde, kjem ein attpå nokon eller ivegen for nokon so høyrer du bare »faen«.

Målføringsevna tykkjes bli so lita at dei nøjer seg med dette »faen« til alle ting, om de som e vent, o om de som e stygt, om godt vatn o vondt vatn; som tiltale o som svar so e de dette same orde.

Men ko veg kan dei koma med soldatane når dei kvar dag lærer rått snakk o umild framferd av dei som jeng i spissen o skulde vera fyredøme? O eg tykte de kunne ikje vera annar rå en å la de koma ut koss dei e laga, so dei kansje kunne fara til å blyjas.

»De einaste som kan mone« skreiv eg i Fedraheimen, »e å setje ut i bla-a korleis ein hev de. De vil eg bea soldatar al sta ifrå jera, so de kan koma ut, o dei som dertil e verd e, kan få folkedomen på seg, for han e den sterkaste makta. - - -

- - - Heretter vil me ikje lenger tola nokon råskap, banning o uhøflege ord av dei komanderande. For fyst e de ukristelegt, so e de umennesjelegt o so endeleg sømer de seg ikje å fara åt med frie folk i ein fri stat på slik måte, me e kje anten trælar hell hundar. Alle soldatar hev her pliktir både imot staten o seg sjølve å utføre.«

                            * * *

De va alvisst ein løytnant N. som va lei. Eg tenkte at slike nettop kunne hava gott av å lesa denne opmaninga mi o sende blae som ho sto i til han.

Men de såg ikje ut til å mona!

For ein sundag kom de tri karar bort til meg o klaga seg o ba meg jelpe dei til å »skrive« noko om løytnanten; de måtte vera noko rigtig »forsmædelegt« au sae dei. De va greit å sjyne at dei va so harme på han som dei kunne bli.

De e vondslegt når de e soso stelt tenkte eg. Eg tykte synd både i løytnanten o mannskape. De kunne bli leit nok for han om de vart sent beintfram klage, for etter de dei fortalde kunde han jerne bli avsett. Men eg kom på ein annan måte som eg fann lempelegare. - De ska ikje skrive klage - sae eg - men bare sende 'n eit brev o bea vent men fast at han må folke seg.

So jorde eg eit utkast til brev for dei, o de lydde slik:

Frå
 mannskape ved Iste peleton ved 4de komp.
 Telemarkens bataljon

Me tykkjer De e so hard til å driva os, me likar Dikon ille; me trur eksisen vilde gange betre, om han jekk meir med de goe; men De hr. løytnant tykkjer me e den hardaste til å drive i heile bataljonen.

Me likar ille at de ska gange so mykje med sjemming o skarvord, me bli bare vonde då. Dette vil me fortelje Dikon hr. løytnant, men me vil ikje forklaga Dikon, me vil bare bea so alle saman, at De for framtia må fara fram med eit mildare lag.

Gråtemoen 9/8 1880.

Til
 hr. løytnant N. N.

Jau dette lika dei gott. Så las eg de op for heile peletanen, o dei vart straks forlikte om å sende dette til løytnanten. 

Eg va velnøgd med at dei jekk etter råa mi, so saka fekk denne vendinga. De va so gott å veta dette at dei som trudde seg til å kunne klaga løytnanten for retten gav seg på å vilje 'n so vondt, tilgav alt dersom han vilde »fara fram med eit mildare lag«.

Eg va heiltop byrg o meinte at eg hadde jort de ovende gott.

Dette vil han like løytnanten au, tenkte eg, for dei vil hava de ærlegt o greit hærmennane. Eg tykte bare eg såg han, når han fekk breve. So vilde han lesa de i ei hast; fystundes vilde han sjelve litt, men so vilde han bli gla når han kom til slutten; so vilde han snu seg til soldatane o seie til dei:

- De ska hava takk, gutar! Eg hev vel ikje vori i alle måtar som eg skulde, eg hell. Men me ska jelpas åt, sa fær me sjå om de ikje ska gå betre.

                            * * *

No vart de stilt ei stund o eg tenkte at alt hadde jamna seg. 

Men so høyrde eg at de skulde bli forhøyr. Stakars løytnanten, tenkte eg, ska de bera den vegen med han lel. De vart mange soldatar inkalla som vitne, derimillom va eg med. Men der høyrde eg mange ting som jorde meg reint forundra. Nokre vart spurde ka dei hadde imot løytnanten. Jau dei lika då ikje at han va slik ein harding o so lei til å kalle o banne. »Hva for noe,« skreik skrivaren op, »skulde da ikke en løitnant ha lov til å banne sine soldater?«

Han kom med so underlege spursmål til meg au, spurde om eg ikje fann framferda mi »respektstridig«. Eg vart so overjeven, »nei eg kan ikje plent sjyne de,« sa eg. Då vart dei reint vonde, ein flaug op o sae at eg hadde fortent ein »ørefik«. Slikt burde eg då ha lært på skulen! O eg vart rådd til å sanse betre etter.

Nei slik ein styving hadde eg då ikje vari ute for, høyre ut vitne på den måten! Einaste forklåringa eg fann va at han va so gamal at han rimelegvis alt jekk i båndøme.

                            * * *

Me høyrde ikje meir dei par dagane som va att av eksisturen. De va som alt anna hadde domna ned. Kvar tenkte bare på å ha stelle sit istand. Når mønstringsdagen vel va overstaen skulde me få sleppe heim, o ei still forventning låg over moen. Me skulde verkeleg få vende attende til de frie sprikjande liv i bygd o heim. 

De va bare att de siste basketake, »slage«, med stormgang o springmarsar over heile moen o sjoting o smelling so alt sto i ein røyk, o du va som drejen op or eit sveitelaug. Generalen va komen frå Kristiansand, o de galt at kvar o ein strama seg op so gott han kunne.

Endeleg va me då ferdige o heile bataljonen samla seg mitt på sletta o jorde firkant, med hundravis av tilskoarar frå land o by sette manngard ikring os.

Då kom generalen med drust o dramb riande fram på ein frøsande gangar, o de glodde o gleim av gull o stjernur, han stansa mitt inne ringen o tek til å tala med dundrande mæle so ein kunne høyre de over heile moen.

I mange år, sae han, hadde han no vori med Telemorks bataljonen, o han hadde lika seg overlag her, for telane var slike jilde gutar, dei va heiltop »et udmærket folkeferd«.

Nei høyr, no, tenkte eg, o eg kunne mest ikje tru mine eigne øyro, e de mogelegt at sjølve generalen hev lært å setje slik pris på telane. Dette va meir en nokon kunne vente. 

Han jekk viare.

Alstøtt før, sae han, hadde de vori slikt gott samhøve millom offiserar o soldatar her på moen. Men iår hadde de vorti anleis.

Sjå no, tenkte eg, no fær dei nok si skrape lel offiserane. Men talen svinga seg til på ein annan måte en eg hadde venta.

Offiserane kunne stundom bli vel brennhuga i tenesta leet han om, men om dei jekk for vitt so va han stø på de at dei trega seg med de same. Nei når de ikje hadde vori fullgott samhøve i somar so låg skulda andre stair. - O måle hans vart meir o meir kvelt o skrikande. - Her va komen in » en ond ånd«, sette han i, »og denne er kommen udenfra.«

Eg vart standande i høgste undring o stire på mannen. E han drukken tenkte eg eller rår han seg ikje? Men eg fekk ikje lang ti til undring, for med det same svinga han med sabelen som han vilde til å slåss med styggen sjølv o mana o skreik med eitrande mæle:

»Træd frem!«

I de same kjende eg ein skump i ryggen so hardt o kvast at eg spratt tvo tri steg framom lina o vart standande som eit bisn framfyre alle folkeaugo o komandersersjant Iversen hadde eg i ryggen.

Peikande på meg tok no generalen til å leggje ut om »fordærvelsen« i tia, korleis vårt fredelege samfund helt på å bli jenomsyra av vondskap sea sjølv »teologiske kandidater« ikje lenger jekk frie.

So lyste han våbønir ned over hovue mit o tok i med toremål so de ljoma i alle haugar:

»Vogter Eder for de falske profeter!«

Straks etter høyrde eg måle til komandersersjanten bak meg ropa: høire om marsj. 

O fram fyre fronten bar de beinaste vegen til kasjotten.

                            * * *

De va som al ting jekk rundt for meg. Eg laut spyrje meg sjølv om eg ikje drøymde. 

Ka i al verda hadde eg gale jort, sea dei tok meg slik som om eg va ein brotsmann o eit illmenne? 

Men dette kom dei visst til å trega. For ein go lærdom hadde me i de minste fengi i bloe under eksisen: å vera samstelte. Ein for alle o alle for ein! Kjende eg telane rett, so vart ikje eg sitjande lenge i dette hole. Dei kom nok snart til å jera verk som spurdes. De vilde syne seg at her va gutar som ikje va rædde; når dei sjyna at de bar den vegen so vilde dei nok møte hardt med hardt.

Litt om senn kveikte desse tankane meg op so eg vart fjåg o laut kvea visur:

            »Eg va meg so liten ein gut
            eg jætte fe under lie,
            so kom frie frånarormen,
            han mone i grase skrie.

            De va no den vesle guten
            han vilde springe unda;
            men endå vart ormen raskar en han,
            han sveipte 'n under si tunge.

            De va no den vesle guten
            honom tottes ti-in lange.
            Hos lengje ska eg sitje her
            up under din eitertange?

            So lenge ska du sitje her
            up under min eitertange,
            til du seier meg kjempa den
            som kan meg i strien stande.

            O ska eg so lenge sitje her
            up under di eitersie
            so jeng der kjempur på Gråtemoen,
            dei tor' deg i marki bie.«

De va nok dei som torde møte. De e vel ikje lenge før dei kjem stormande alle saman o frir meg ut or fangehole.

Eg tykte ti for ti eg høyrde stuk o breste av folkemugen som trengde seg fram o vilde sprengje døra.

            »O de va Eivind Hermodson
            han spende med karske fot.
            Spende han til den myrkestog-dynni
            so ho dreiv på tiljemot.

            Ivar fjåge
            rei byrg jenom borgine.«

Eg tenkte nok de va dei som va rædde o vilde bjoe av o meinte:

            »d' e betre vera blaug en åbruklaug
            helsa e go å jøyme.«

Men so vilde heile flokken kvea imot:

            »Høyr du de min sæle broren
            du tek' e deg ingjo sut,
            eg e komen or bånetølom
            min hesten so ri'e eg ut.«

O om so offiserane kom o vilde stogge, de kom vel ikje til å gange dei likare en de ein gong før, etter som soga sa e, hadde jengi generalen sjølv. Han hadde øst hærsveinan so op at dei jorde manngard ikring han, so han la ut falle på sine kne o bea for live sit. Då fyst slepte dei han.

Kom offiseran o vilde blande seg op i de

            »so vart dei tekne i herdabeini
            so nasane gruvIa i jordi.«

o dersom dei endå mukka, de va inga nau:

            »De va han Heming unge
            vender han atte på lei,
            tykst du hava for lite fengi
            so hev eg a rå til meir.«

Men natta jekk o der kom korkje Hermod­sønir eller nokon Heming unge. Alt va stilt. 

Sea fekk eg høyre at de nok hadde vori på tale at dei skulde taka meg ut. Men ingen våga jera ophavstake, de vart bare med snakk. Dei reiste kvar heim til sit o kytte av ko dei hadde tenkt å jera om dei hadde vori karar. 
 
 
Red.Merk:I boka er det fotnotar. Her er notane plassert etter avsnitt som dei viser til.
 

Første del av artikkelen "Unggutleiken", i Ivar Mortenson: Svall 1879-1898, Kristiania;
Bokreidar Bertrand Jensen 1898. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.