Vestlandet i meg

(Dikt, 1989)

Av Ingvar Moe
 
Gje aldri uttrøkk for ka du føle, trur og meina
d’e så toskje, vettu, å meina ting åleina,
så ser eg noko løye og får så løst å le,
så ser eg føsst på andre før eg våga la det skje.
Det e Vestlandet i meg.
Det e Vestlandet i meg, det.
 
Snakk adle itte munnen, og skryt di opp i veret,
og smisk og smil og nikka – iallfall te di fere.
Eg stryke folk med håro te di snur ryggjen te,
då kan eg leggja ut om ko søndige di e.
Det e Vestlandet i meg.
Det e Vestlandet i meg, det.
 
Det venta alltid straff nå’ du ha det kjekt og løye
og knirka litt med sengjo elle hoppa litt i høyet.
Viss eg ein gong imjødlo bler nødde te å gle
meg øve livet, så vett’eg eg må him og be
Det e Vestlandet i meg.
Det e Vestlandet i meg, det.
 
Forsyn deg mens du kan, for du vett’kje om det vare,
og kjeme flasko fram, då bør du lukta fare.
Nå’ andre tar seg éin, som di sete lengje med,
då hiv’eg innpå fira og lar di renna ned.
Det e Vestlandet i meg.
Det e Vestlandet i meg, det.


Første gongen prenta i Ingvar Moe: Barre litt, altså, 1989. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum. Publisert på  www.aasentunet.no 22.11.2007.
Brukt med løyve frå familien og Samlaget