Noken gode ting

(Dikt, 1989)

Av Ingvar Moe
 
Nå’ verdo bler dumme, så leita
eg fram noken gode ting;
eit støvete blom i ei veita,
ein måse som fyke i ring.
 
Ein måne e go’ nå’ han velta
på ryggjen og slappa av,
og føllte drops mens di smelta,
ei velstelte, gammadle grav.
 
Og ungar e go’ nå di grine,
ein hund nå’ du kjeme him,
ei kalde pils e vel fine?
Og så e eg så glad i rim.
 
Eg lika regnet som sipa
nå regnet e mildt og lett,
ei nyrensa, snille pipa,
og noken som helde meg tett.
 
Ha du sitt kossen Drammen lyse
på veg ifrå oslobesøk?
Eg lika pyttar som fryse,
og sursild med masse løk.
 
Nå’ jevedl slite og streva
seg inn i meg gong på gong
- så vidt att eg våga leva,
då laga eg ein toskjen song.
 
D’e hjelp i ein blom og ein måse,
ein måne, ei grav og ein hund,
og føllte drops i ein påse
di trøsta ei lito stund.


Første gongen prenta i Ingvar Moe: Barre litt, altså, 1989. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum. Publisert på www.aasentunet.no 22.11.2007.
Brukt med løyve frå familien og Samlaget