Landet under isen

(Fantasyroman, 2009, utdrag)

 

Fire graver. Fire knokkelhaugar. Fire døde ungdommar.

Vindblaffa frå helikopterblada piskar førstebetjent Magne Jerstad i ansiktet. Den erfarne etterforskaren frå Kripos hukar seg ned, klatrar inn i førarhuset, inn i setet ved sida av piloten, festar setebeltet og rettar på slipset. Propellblada flappar stadig meir energisk over han.

Helikopteret lettar, startar klatringa opp mot fjellpasset.

Jerstad kikkar ut av vindauget, ser dei grønkledte skogsidene forsvinne under seg, avstanden forvandlar tre og bergveggar til små, fjerne mønster, riksvegen til ei tynn stripe, bilane til prikkar. Han lukkar auga, maktar ikkje få setningane ut av hovudet, dei tre korthogde meldingane på mobilen frå kvelden i førevegen.

Fire graver. Fire knokkelhaugar. Fire døde ungdommar.

Dei verste sakene, tenker han, er dei der barn og unge er involvert. Dei er umulege å førebu seg på, same kor lenge ein har halde på med dette. Bileta, inntrykka, dei slepper aldri taket.

Og no er altså beinrestane etter fire ungdommar funne i kjellaren på eit gods, langt vest i landet, nede i den tronge, verdsberømte dalen ute ved kysten.

Smalvik.

Staden nedanfor den store isbreen.

Staden med Den svarte røyken.

Og staden med alle forsvinningane.

Sjølvsagt måtte dei kome for ein dag, tenker Jerstad. Sjølvsagt måtte nokre av dei sakna kome til rette. Folk forsvinn ikkje i lause lufta, dei er ein eller annan stad, sjølv om dei er sakna, sjølv om det berre er skjelett igjen av dei.

Godset. Var det verkeleg der løysinga på mysteriet låg?

Helikopteret klatrar over dei høgste tindane, flyt vidare inn over fjellet, landskapet svevar under Jerstad; snaue, snøkledte vidder, og langt, langt der framme, synet han aldri vil bli van med og langt mindre forstå:

Den svarte røyken.

Han kjem veltande opp frå isen, den enorme isbreen, nordområdets desidert største. Breen dekker ei vidde på fleire titals mil i alle retningar – aust, vest, sør og nord. Han var verdskjent allereie før Den svarte røyken.

Breen har alltid vore gjenstand for mytar og segner, mysterium og løyndommar. Her er blå is så langt auget kan skode. Nokre stader er overflata jamn og hard, andre stader kupert, full av sprekkar, djupe dalar inni isen.

Og den einaste tettstaden i nærleiken, klemt inn mellom fjell ved enden av ein mørk fjordarm: Smalvik.

Magne Jerstad grøssar.

__________________________________________________________________

Frå Lars Mæhle: Landet under isen. Samlaget 2009.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2017.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
___________________________________________________________________