Harry og Ivar i Junaited Statesen

(Roman for barn, 2007, utdrag)

 

Morgonen i historia vår held fram på samme vis. Ivar slavar vidare, han heller i kaffi, skjer brødskiver, hentar pålegg frå kjøleskapet – og set alt fram på bordet. Så er det å kaste seg over oppvasken. Men Ivar rekk knapt skru på krana, før eit hyl får håra til å reise seg i nakken hans.

– IVAR!!!!!! tutar Harry.

– Ja?

– No skal du høre her. Det er intervju med ein type her i avisa. Kva var det han heitte no igjen …

Harry stavar sakte med fingeren nede i avisa.

– R-o-g-e-r M-c-W-h-i-s-t-l-e.

– Roger McWhistle?

– Ja, akkurat. Det var det eg sa. Han er siste års vinnar av VM i plystring, seier Harry, trekker pusten og les høgt frå avisa: – ”Førstkommande laurdag går VM i plystring av stabelen. Og det i brillefine omgjevnader: i Las Vegas, USA. Fjorårets meister, skotten Roger McWhistle, skal forsvare tittelen. ’Eg skal plystre mitt beste,’ uttalar han. Og det er ikkje rart. Førstepremien er på heile 100 000 dollars!”

Harry stansar, snappar etter luft.

– Kva gir du meg, Ivar! 100 000 dollars i moneys!

– Dærsken, seier Ivar.

Harry held fram med å lese. Og han har fått eit fjernt, drømmande uttrykk i ansiktet.

– Ååååå. Junaited Statesen! sukkar han. – Eit fantastisk land! Mykje betre enn det vesle fillelandet Noreg.

– Er det noko gale med Noreg òg no?

– Ja, tenk!

– Kva da?

– NOREG ER FOR LITE! ropar Harry og held fram. – Feilen med deg, Ivar, er at du alltid tenker så smått. Du må tenke STORT! Berre du kunne fatte det.

– Eg likar små ting.

– Herreminhatt! Nei, Ivar: Eg melder meg på VM i plystring – straksen med det same! Og så reiser vi til Junaited Statesen! I morgon den dag!

– Men USA … du kan jo ikkje engelsk eingong?

– Ikkje ver frekk. Ein gong tok eg eit lynkurs i junaited statesisk. Og eg har vore kjempeflink sidan. Berre spør meg … om kva som helst.

– Akkurat …

– Akkurat?

– Det er enkelt, Harry. Akkurat heiter ”exactly” på engelsk.

– Akkurat exactly, seier Harry. – Det visste eg heile tida.

– Men VM i plystring? Kan du plystre da?

– Klart eg kan plystre! Du skulle berre visst, Ivar. Eg er eit naturtalent. Det ligg til familien.

– Det trur eg ikkje på.

– Å jo. Ingen kan plystre etter jentene som Harryane. Far min plystra slik etter jentene at han fekk skrubbsår på leppene! Dei 100 000 dollarsane i moneys er så godt som mine.

– 100 000 dollars ville ha komme godt med no. Dét er sikkert. Vi kunne betalt alle rekningane våre, til dømes.

– Du, Ivar, seier Harry og gjer seg viktig. – Pengar skal …

– … brukast, ikkje sparast.

– Akkurat exactly!

– Men Kåre Albert og eg vil ikkje dra til USA.

– Den stinkador-bikkja får ikkje bli med. Den saken er klinkande klar.

– Mens eg …

– Mens du MÅ bli med. Kven skulle elles ordne opp i tinga mine?

– Men Harry: Vi har ikkje råd til å reise. Vi kjem til å gå konkurs før vi kjem til Island.

– Åååååå! Du er såååååå kjedeleg altså, Ivar. Den griskaste grådigperen i universet!

– Men det er trass i alt mine pengar.

– Mine pengar og dine pengar, du liksom. Deler vi ikkje på alt her i huset? Og du glømmer ein viktig ting: Kanskje vi får oppleve litt løøøøv òg i Junaited Statesen?

– Løøøøv?

– Kjærleik, dummen. Du har vel ikkje hørt om det heller, du …

– Jo da. Eg har hørt om kjærleik. Det heiter forresten ”love” på engelsk.

– Det uttalast ”løøøøv” på junaited statesisk i alle fall! Men det blir vel ikkje mykje løøøøv på oss, slik som du sit og gnurar på pengesekken.

 

Harry legg armane i kors og furtar. Ivar kjenner med eitt ein klump i magen. Enn om Harry har rett? Er han for grådig? For kjedeleg? Han sender små blikk i retning av Harry. Men Harry er pottesur, ikkje til å komme i kontakt med. Klumpen i magen til Ivar berre veks og veks …

– OK da. La oss reise til USA, seier Ivar til slutt.

Harry sprett opp i sofaen.

– HURRA!

– Og eg skal betale reisa, legg Ivar til.

– Du er verdas beste kompis, altså.

– Men du må love meg éin ting: å ikkje sløse med pengane i USA.

– Ikkje ein dollars i moneys!

– Da bestiller eg flybillettar til i morgon.

– HURRA! EG SKAL VINNE VM I PLYSTRING! EG SKAL BLI DEN NYE PLYSTREKONGEN!

– Du må vel øve litt først?

– Du har rett, Ivar. Og laurdag, det er berre …

Harry begynner å telje på fingrane.

– … to dagar til, bryt Ivar av.

– Akkurat exactly!

 

_____________________________________________________________

Frå Lars Mæhle: Harry og Ivar i Junaited Statesen. Samlaget 2007.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2017.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag
____________________________________________________________