Fuck Off I Love You

(Ungdomsroman, 2012, utdrag)

FØR ALT BEGYNNER

 

Frys biletet. Der har du meg. Lighteren i handa. Tommelen på hjulet.

Eg har kjøpt lighteren for ein halv time sidan på bensinstasjonen. Han er kvit, med ei blå stripe som rammar inn logoen til Esso: ein tiger i spranget.

Pressar eg tommelen ned, vil hjulet skrape mot den ujamne overflata på flintsteinen under. Det vil bli danna gneistar, som i sin tur vil sprute mot opninga der gassen kjem ut.

Ein flamme blir fødd.

Alt som skal til, er eit lite trykk med tommelen.

 

Eg minnest det framleis, korleis eg sto der, i skjul av leskuret, med lighteren i handa. Tørt slåttegras låg spreidd ut over åkeren.

Vi hadde hatt flaks. Graset var knusktørt. Og i dag skulle Aksjonen setjast i verk, på kort varsel.

Grasbrannen var mitt ansvar.

Lighteren i handa.

Ein liten gneiste. Alt som skal til.

 

I dag kan eg nesten ikkje fatte at eg sto der. Det er meg komplett absurd.

I grunnen hadde det meste i livet falle av hengslene det siste halvåret, både på den eine og den andre måten. Heile den tida står for meg som ein lang, rar drøm.

Når eg no ser tilbake på meg sjølv, når eg ser meg stå der i skjul av leskuret med lighteren i handa, er det som om eg skodar på eit framandt menneske. Eg kan ikkje forstå at den personen er den same som eg.

Spør du meg om eg var redd?

Naturlegvis var eg det. Livredd. Men likevel sto eg der. Du kan gjerne spørje kvifor. Eg har ikkje noko godt svar.

Oppdraget mitt var like enkelt som det var vanskeleg: å starte ein gneiste. Å leie flammen mot det tørre graset. Etterpå skulle eg haste over til campingplassen og hjelpe til.

Lite visste eg da om konsekvensane.

Vi var fem gutar.

Ein skulle miste kjærasten. Ein skulle skamslå ein annan. Ein skulle dø.

 

___________________________________________________________________

Frå Lars Mæhle: Fuck Off I Love You. Samlaget 2012.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2017.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
___________________________________________________________________