Eg elskar dei voggande tonar

(Dikt, 1898)

Av Petra Kvisli

Eg elskar dei voggande tonar
og all den brennande hug.
:/: Eg elskar kvar song som ljomar,
og kvart eit barn, eit barn som lo. :/:

Og den som med mod seg vende
mot det som var vandt å nå,
:/: og hjarta som sorgi kjende
og endå, endå, kan soli sjå. :/:

Eg elskar livet som strøymer
med voner i unge barm.
:/: eg elskar livet som gløymer
all livsens, livsens sut og harm. :/:
 


Frå Ivar Grimstad (red): Songbok for pensjonistlag og andre lag, 2. utgåva 1987. Melodi: Chr. Lepsøe. Første gongen prenta i Den 17de Mai nr. 21/1898 under pseudonymet Hilde. Elektronisk utgåve 2002 ved Nynorsk kultursentrum