Vestmanna-song

(Dikt, 1870)

Av Henrik Krohn
 
Sungen paa Logskipnings-Møtet.
Tone: Dei vil alltid klaga og kyta.
 
 
Baade Bønder og byfødde Menner
ero her komne saman i Lag,
men me alle som Brøder oss kjenner,
daa vaar Hug er av beint same Slag.
 
 
Ja me elska vaart Land lika varme,
lika høgt me og vyrda vaar Ætt,
og me verda visst nett lika harme,
naar som Lygni skal gjelda fyr Rett.
 
 
Difor norske me helst vilja vera,
og me tykja, at dan er ein Skarv,
som vil tru paa dan framande Læra
og ei vyrda um Fedranna Arv.
 
 
Me vaart Fjellmaal og difyr vil hava,
dat som Fjordfolki bruka her vest,
naar paa Land elder Sjoen dei kava,
for dat høver oss Havkaggar best.
 
 
Og som dei skal me fara i Make,
vera snilde kvar einaste Dag,
for dat batar oss best vera spake
i vaart smaalaatne Maalmannalag.
 
 
Men me her, etter daglege Kavet,
bruka Tanken, med' Kroppen fær Kvild,
so me syna, at Folk ut med Havet
gjera aanat en bert salta Sild.
 
 

Frå Fraa By og Bygd. Tidskrift aat Vestmannalaget. I. Bjørgvin. Hjaa Edv. B. Giertsen. 1870. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad